Rekordsøking til helseleiing
– Vi er glade og stolte over rekordstor søking til vidareutdanninga «Ledelse i helse- og sosialtjenestene», seier dosent Alf Roger Djupvik ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Over 90 søkjarar har takka ja til studieplass.
Vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda (HVO), Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund. Studiet er organisert som deltidsstudium med åtte samlingar i Volda.
Kan inngå i fleire masterutdanningar
– Ledelse i helse- og sosialtjenestene kan inngå som ein del ei ny felles masterutdanninga i helseleiing som også dei tre utdanningsinstitusjonane i fylket står bak. Den kan også brukast i Master i meistring og myndiggjering og Master i samfunnsplanlegging og leiing som vi tilbyr her ved HVO, seier Djupvik.
Dosent Alf Roger Djupvik.
Suksesshistorie
– Dei gode søkjartala viser at høgskulane i Møre og Romsdal kan samarbeide godt sjølv om dei ikkje er fusjonerte. Det faglege samarbeidet oss i mellom, den gode dialogen vi har med praksisfeltet i dei tre fogderia i fylket og gode tilbakemeldingane frå studentane gjer dette til ei suksesshistorie, seier professor Turid Aarseth ved Høgskolen i Molde.
Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr også i fellesskap ph.d.-utdanning i Helse- og sosialfag. Studiet er unikt i Noreg då det både er tverrprofesjonelt og tverrfagleg og det rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og føreset bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar.
– I løpet av 18 år har 800 studentar fullført denne vidareutdanninga. Nesten alle i årets rekordstore kull opplyser at dei kjenner nokon som har teke studiet tidlegare. Dette tyder på at vidareutdanninga har eit godt rykte, seier professor Aarseth.
Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr også i fellesskap ph.d.-utdanning i Helse- og sosialfag. Studiet er unikt i Noreg då det både er tverrprofesjonelt og tverrfagleg og det rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og føreset bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar.
Større krav til leiarkompetanse
Dosent Alf Roger Djupvik og professor Turid Aarseth fortel det vert stadig stilt høgre krav om leiarkompetanse i helse- og sosialsektoren.
– Målsettinga er å gje studentane innføring i sentrale omgrep og metodar for å kunne møte nye leiarutfordringar i sektoren. Faginnhaldet er organisert i fem hovudtema: styring, organisasjon og leiing, juss i helse- og sosialtenesta, økonomistyring, personalleiing og endringsleiing. Målgruppene er sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre i helse- og sosialsektoren.
Uppheim
Årets første samling er grunna Covid-19 lagt til Uppheim, KFUM/KFUK sitt nyrenoverte hus i sentrum av Volda.
– Vi er svært godt nøgde med denne løysinga og administrasjonen ved HVO har gjort ein kjempejobb med å legge forholda til rette for oss her, seier dosent Djupvik.