HVO-studentar med i utvikling av ny områdeplan

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ålesund kommune får hjelp av studentar ved Planlegging og administrasjon i samband med utarbeiding av ny områdeplan for Aspøya.


HVO-studentane ved bachelorstudiet i Volda skal bidra med innsamling av kunnskap om korleis innbyggarane på Aspøya opplever nærmiljøet sitt, og korleis dei kan tenke seg at nokre av dei kommunale områda skal utformast og nyttast i framtida. Sjølve kartlegginga skjer 11. september.

– Det er viktig å få i tale dei som vanlegvis ikkje tar del i utforminga av kommunale planar, det vere seg barn, eldre eller småbarnsforeldre. Desse kan bidra med viktig kunnskap om kva dei opplever som gode nærmiljø og kva som skal til for at ulike område på Aspøya som gjerast meir attraktive for dei som ferdast der, seier førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.

 

Del på