Ny professor ved Høgskulen i Volda
Bjarte Folkestad vart nyleg tilkjent professorkompetanse i samfunnsplanlegging. Folkestad har vore tilsett ved Høgskulen i Volda sidan 2018. Folkestad sine forskingsfelt er lokaldemokrati, kommunal organisering og tenesteyting samt frivillig sektor og organisasjonsdeltaking.
Folkestad har PhD i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (2012). Frå 2012 til 2018 var han tilsett som forskar II ved Rokkansenteret (i dag NORCE samfunn). Her har han vore involvert i ei rekke forskingsprosjekt med varierte tema som valsystem, innbyggjarmedverknad, politisk deltaking, frivillig innsats, kommunale omsorgstenester og kommunereform for å nemne nokre.
Av nyare publikasjonar kan ein nemne artikkelen «When do consultative referendums improve democracy? Evidence from local referendums in Norway» (publisert i 2019 saman med Jan Erling Klausen, Jo Saglie og Signe Bock Segaard), som tek føre seg bruken av folkerøystingar i samband med kommunesamanslåingar i Noreg. I 2019 kom også boka «Civic Engagement in Scandinavia: Volunteering, Informal help and Giving in Denmark, Norway and Sweden» (redigert av Lars Skov Henriksen, Kristin Strømsnes og Lars Svedberg) der Folkestad er medforfattar på eit kapittel om utviklinga i frivillig deltaking i dei skandinaviske landa frå tidleg 1990-talet og fram til 2015.
Folkestad er i dag programansvarleg for master i samfunnsplanlegging og leiing ved Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag. For tida er han mellom anna involvert i Lokalvalsundersøkinga for kommune- og fylkestingsvalet 2019, der han forskar på partisystem, lokale lister og representasjon. I tillegg er Folkestad med på Høgskulen i Volda sin deltaking i forskingsprosjektet SMART PLAN (eigd av Ålesund kommune) som ser på bruken av avanserte teknologiske løysingar og innbyggjarmedverknad i den kommunale planleggingsprosessen.