Konsert med Steve Dobrogosz

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Dobrogosz er best kjent som jazzpianist og utgivinga av plata Fairytales saman med den norske vokalisten og komponisten Radka Toneff. Dei siste åra har han også komponert mykje i fleire ulike besetningar.  

Ser fram til storbesøket
Elizabeth Oltedal og Ove Kvangarsnes, fiolinist i Ålesund strykekvartett, synest det er utruleg spennande at dei har fått til eit samarbeid med den kjende komponisten.
– Det er heilt fantastisk at Steve Dobrogosz kjem for å gjere to konsertar med oss, seier Oltedal og Kvangarsnes som ser fram til storbesøket. 

To av medlemmane i Høgskulekoret som også gleder seg til konserten er musikkstudentane Kristin Frivold og Oline Strømmegjerde.
– At vi skal halde konsert saman med skaparen av musikken vi skal framføre, er heilt ubegripeleg!

 567e8c9afdf957e3646aa825e41edfad8579581a
GLEDER SEG: Dirigent Elizabeth Oltedal gleder seg til samarbeidet med Ålesund strykekvartett og Steve Dobrogosz.

Har starta øvinga
Høgskulekoret med sine vel 90 medlemmar har sidan august øvd til den store konserten.
– Vi har hatt mange øvingar fram til konserten, fortel Oltedal. Ho synest det har vore kjekt å introdusert medlemmane i koret for musikken til Steve Dobrogosz.

f8646a0d54c748a0adf50b3be9b27d09e63e80cc
ØVER FOR FULL HALS:
Medlemmane i Høgskulekoret har sidan august øvd til den store konserten.

Få med deg konsertane
Laurdag 17. november: Spjelkavik kyrkje
Søndag 18. november: Volda kyrkje

Foto på framsida: Johs Bøe

Del på