Forskingsdagane 2012
Det er Noregs forskingsråd som i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinsitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv som står bak.
Kvart år blir det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I 2012 er tema «Samfunn» og slagordet er «Den menneskelege faktor». I Volda markerar vi dette temaet med fleire samfunnsrelevante arrangement . Vi set mellom anna søkjelyset på det fleirkulturelle samfunnet - korleis kan vi unngå misforståingar som kan føre til konflikt? Vi skal også ta ein tur i lokalsamfunnet i ei samfunnshistorisk vandring i gamle Volda sentrum.
Årets program er godt og variert, med noko for ein kvar smak. Det blir temadagar om det amerikanske valet, korleis ein kan utdanne gode lærarar i framtida, og mediedekninga etter 22. juli-åtaket. Det blir innført eit nytt arrangement i år – Forskar-standup. I tillegg blir det fleire spanande foredrag, og tradisjonen tru blir det matkulturdag på bygdetunet.
For meir informasjon om kvart program, sjå sidene til Forskingsdagane ved høgskulen eller eit av dei fine programhefta som blir lagt ut i neste veke.
Arrangementa er gratis og opne for alle.
Du finn oss óg på Facebook og Twitter!
Følg oss for nye oppdateringar om planleggjing og program, og hugs å dele sidene med vener og kjente:
Vel møtt!
Frå Forskingsdagane 2011 - forskarane Erik Fooladi (HVO) og Øystein Foss (UiO) får eit glas til å forsvinne ved hjelp av rapsolje.
Foto: Maria Henriksen-Sandvær