Slik får du toppkarakter

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Nokre likar å gå i alle førelesingar, lese alt pensum og bruke heile dagen på lesesalen for å få gode karakterar. Andre likar best å sove lenge, feste i helgene og bruke skippertaksmetoden for å bestå eksamen. Dei fleste er lært opp til å tru at ein må velje mellom desse to ytterpunkta. Det er feil.

På ToppkarakterSystemet vil studentane lære korleis unngå skippertak, få meir fritid og oppnå toppkarakterar. Her lærer ein tre strategiar, ni taktikkar og tjuesju teknikkar for å kome gjennom høgare utdanning med dei beste resultata.

Dag: Fredag 28. september
Tidspunkt: Klokka 1430
Stad: Store auditorium, Berte Kanutte

Det er Studenttinget i Volda som gjer det mogleg for studentane å få med seg dette kurset. Grunna avgrensa tal på plassar, er det påmelding til kurset og du må ha billett for å delta.

Informasjon og påmelding
Les meir og finn gratis billett på http://toppkaraktersystemet.no
Kontaktinformasjon: Arne Christian INgvaldsen | 70 07 51 51 | [email protected]

Framsidefoto: Illustrasjonsbilete av Kib & Morits

Del på