PLAN Nr 3–4/2015 er eit temanummer om helse og planlegging. Ein stor del av temanummeret er samandrag av prosjektoppgåver som tidlegare HVO-studentar ved Helse og omsorg i plan har skrive.
Hovudtalar under opningsseremonien, Knut Olav Åmås, har sjølv mange gode erfaringar med Volda. Han trekte fram Høgskulen i Volda som ein av dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i landet, i sin tale.
Rektor Johann Roppen oppmoda dei nye studentane om å engasjere seg, og sa at han trur dei fleste av studentane vil få seg trygge jobbar etter studia i Volda, i opningstalen sin for det nye studieåret.
120 fadrar boblar over av forventning og gler seg til å ta imot dei nye studentane tysdag. Dei lovar ein varm velkomst til studiebygda Volda, og har mykje å by på den første veka.
Direktør Knut Olav Åmås i stiftinga Fritt Ord er årets hovudtalar under Høgskulen i Volda sin opningsseremoni tysdag 18. august. Opninga av studieåret vil finne stad ute bak Berte Kanutte-huset. Høgskulen sitt eige symfoniorkester under leiing av Ketil Grøtting vil også kaste glans over dagen.