Aldri før har høgskulen hatt så mange studentar
På opningsdagen for studieåret 2015/16 tyddde ein prognose på at Høgskulen i Volda (HVO) i haustsemesteret ville ha om lag 4000 studentar. No kan studiedirektør ved HVO, Gonnie Smit, stadfeste at det er vel 4000 studentar som har teke til å studere ved høgskulen. Dei om lag 2700 nye studentane som har takka ja til studieplass ved høgskulen, gjer at det aldri tidlegare har vore fleire studentar her.
Med så mange studentar er det også mykje liv og røre på campus, noko som gleder Smit.
– Vi har fått 320 fleire ja-svar enn i fjor frå studentar som har fått tilbod om opptak. Det er svært gledeleg for oss, seier studiedirektør ved HVO, Gonnie Smit.
størst vekst på Lærarutdanningane
Den største auken kjem på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, fortel direktør ved HVO, Jacob Kjøde jr. Der har opp mot 25 prosent fleire einn i fjor takka ja til studieplass i år.
– Veksten er størst på lærarutdanningane. Det er spesielt gledeleg med auken på grunnskulelærarutdanningane, seier Kjøde jr.
RETTA MOT OFFENTLEG SEKTOR
Det er også fin vekst på masterstudia. Der har 14 prosent fleire svart ja til at dei vil velje HVO som studiestad.
– Det er vekst på alle typar utdanningar: grunnutdanningane, masterutdanningane og vidareutdanningane. Spesielt har vi godt tilslag på nettstudia. Vi ser også at sosialfag og planlegging og administrasjon får fleire studentar, og det gjeld også idrett og friluftsliv, seier Kjøde jr.
– Kva trur du dette kjem av?
– Det kan hende at sidan vi er ein høgskule som er retta mykje inn mot offentleg sektor, får vi fleire studentar no når arbeidsmarknaden blir strammare. Då kan det vere at dei som skal velje utdanning, vender seg mot trygge yrke i offentleg sektor, seier Kjøde jr.