Dei nyslåtte sosionomane og barnevernspedagogane ved Avdeling for samfunnsfag og historie var i går samla for å ta farvel med kvarandre, tilsette og studiestaden Volda.
I slutten av mai reiste studentane i faget Utefag og to lærarar frå Høgskulen i Volda til Runde for å lære om økosystema kyst og hav, og korleis sjøfuglane er knytt til desse økosystema.
Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) deler kvart år ut ein pris for kvalitet i utdanninga. Prisen skal stimulere til å arbeide systematisk med kvaliteten på utdanningane og motivere dei tilsette til å bli meir opptekne av utdanningskvaliteten. Prisen i år går til førstelektor Sigrun Meisingset ved Avdeling for kulturfag.
Pernille Solvang og Stig Ove Brobakke vil representere studentane sine interesser i Høgskulestyret det komande året. Personleg vara for desse er Joanna Antoniak og Serghei Levcenco.
Studentene som denne våren har tatt masteremnet Documentary photography har samlet noen av sine arbeider i en utstilling på Berte Kanutte-huset. Veileder i emnet, Dr. Stuart Franklin, sier han er svært stolt over resultatet.
Kristiane Runde bestemde seg for å lære seg å spele Bach sin kjende fiolinkonsert i løpet av tre år på HVO. Tysdag får ho domen når ho spelar eksamenskonsert under Kaarstadfestivalen.