Spår interessante og trygge jobbar for nye studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

45d0c4aa242d4dcc141acb5a31cf1f13

Den ferske rektoren ved Høgskulen i Volda opna med å ønskje velkomen til Noregs beste studiebygd, då han heldt opningstalen sin under opningsseremonien – startskotet for eit nytt studieår ved HVO.

Han la vidare vekt på at dei nye studentane må utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda. Då vil dei finne ut at Volda først og fremst handlar om menneske, om relasjonar, om venner for livet.

– Nytt høvet

Roppen tala om alle dei verdiane som vert skapte på Sunnmøre, og kom innom kor viktige yrke studentane ved HVO skal ut i når dei er ferdigutdanna.

– Dei fleste av dykk som tek utdanning ved Høgskulen i Volda, kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga. I slutten av januar inviterer høgskulen og Studenttinget dykk studentar til å møte framtidige arbeidsgivarar på dagskonferansen "Kompetanse Sunnmøre". Nytt høvet til å møte framtidige arbeidsgivarar!

Internasjonalisering og det gode samarbeidet HVO har med over hundre universitet rundt om i verda, var noko Roppen snakka varmt om. Han kom også innom allianseplanane med Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Molde, som han meiner vil føre til fleire nye og spennande tilbod for studentane i Volda.

– gled deg

Roppen avslutta med ei helsing til dei nye studentane.

– I går hadde eg den store gleda å møte studentfadrane som skal vere med på å ta dykk gjennom den første veka her i Volda. Det er ein positiv og konstruktiv gjeng som eg veit gler seg til å bli kjent med dykk. Så til dykk nye studentar: Volda ser fram til å bli kjent med dykk! Gled deg!

Les heile talen til rektor Johann Roppen her.

Del på