Overraska studentprisvinnar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

307675223386bfd2b0b6afe7e300da9b

Studenttinget i Volda i samarbeid med Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden for Sunnmøre delar kvart år ut ein pris til ein særs engasjert student eller studentgruppe. Prisutdelinga har vore gjennomført sidan 2010, og skal heidre studentar som gjer ein ekstra stor innsats for fellesskapet og studiemiljøet.

– veldig overraskande

Årets vinnar, Karoline Strand, er ein svært engasjert student, som no er leiar for Studenttinget i Volda (STiV). Til tross for alt arbeidet ho har lagt ned i studentpolitikken og anna frivillig arbeid i Volda, hadde ho ikkje venta at juryen ville peike på ho.

– Det var veldig overraskande. Eg visste at det var folk som hadde nominert, men eg trudde det ikkje det skulle gå så langt, seier den smilande sunnfjordingen.

blir høyrt

I vår var ho ferdig med ein bachelor i Planlegging og administrasjon. Om få dagar er ho klar til å starte på ein ny bachelor, no i PR, kommunikasjon og media. Strand ser fram til å halde fram med studentpolitikken, medan ho fortset med studiane.

– Det er gøy å drive med studentpolitikk. Eg gjer det ikkje for å få anerkjenning, men for å kunne gi noko tilbake til studentane og studiemiljøet, fortel Strand.

Ho synes Volda det er ein ganske takksam stad å drive med studentpolitikk i.

– Ein føler at ein blir høyrt, og kjem lettare til ordet enn i til dømes Oslo og Bergen, sidan vi er ein mindre studiestad og det er fokus på nærhet mellom studenter, faglig- og administrative ansatte. I Volda er det ein «open dør-policy», og folk som er tilsett ved høgskulen set pris på om vi kjem inn på kontoret og seier meingane våre.

Her er juryens grunngjeving for Studentprisen 2015:   

Vinnaren av Studentprisen 2015 har vist eit brennande engasjement for å betre kontakten og samarbeidet mellom studentane, Høgskulen og næringslivet. Blant anna gjennom arbeid med StudiebygdA-prosjektet, etablering av stillinga til Entreprenør- og næringslivskoordinator i Studenttinget, og ikkje minst konferansen Kompetanse Sunnmøre 2015. Karoline Strand har stått på for å gjere det lettare for at studentane skal kunne knyte band til næringslivet og motsett. Sistnemnde starta som eit pilotprosjekt, med ein slik stor suksess at det no blir vidareført som eit fast arrangement ved Høgskulen. For dette skal Karoline ha mykje av æra.

Karoline arbeider beinhardt når det er noko ho vil få til, ho har stor arbeidskapasitet og eit smittande pågangsmot. Gjennom dei tre åra ho har tatt ein bachelorgrad i Planlegging og administrasjon her i Volda, har ho bidrege i studentpolitikken gjennom verv som landsstyrerepresentant i Norsk Studentorganisasjon (NSO), både som fagansvarleg og nestleiar i Studenttinget, no leiar, samt til det sosiale miljøet gjennom verv på Rokken – alt dette ved sidan av studia.

At Karoline har lagt ned ein ekstra innsats for studentmiljøet i Volda er det ingen tvil om. Det er som det blei skrive i ein av nominasjonane hennar «(…)Hun er med andre ord ekstremt viktig for alle studentene i Volda, både faglig på grunn av styrevervene i STiV, og sosialt på grunn av den enestående jobben hun gjør på Rokken».

Det er derfor med stor glede at vi overrekkjer årets studentpris til leiar av Studenttinget i Volda, Karoline Strand.

pressefoto

Karoline Strand

Del på