Kva er vitsen med journalistikk?
Avdeling for mediefag inviterer til dagsseminar om journalistikkens samfunnsrolle i samarbeid med Forskingsdagane 2007. Onsdag 26. september frå kl. 09.00-16.00 kan ein høyre 16 innlegg - dei fleste på 30 min, og med grunnlag frå eit forskingsprosjektet om journalistikkens samfunnsrolle som avdelinga er engasjert i fram til 2010.
- Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd si ordning Strategiske Høgskuleprosjekt og blir difor omtala som SHP-prosjektet. Prosjektets nettside: http://www.hivolda.no/samfunnsoppdrag
Journalistar, informatørar, mediestudentar og andre medieinteresserte er velkomne til seminaret. Seminaret er gratis og ope for alle. Innlegga er på 20 minutt med høve til 10 minutts diskusjon etter kvart innlegg. Midt på dagen vil seminaret føregå i parallelle sesjonar.
Last ned programfaldaren i pdf eller sjå www.hivolda.no/forskingsdagane