Open førelesing med Egil Johan Ree

I samband med programmet for Internasjonal Mediehistorie held Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei open førelesing der Egil Johan Ree vil ha eit foredrag om Mai-opprøret i Frankrike 1968, og hans perspektiv på utanriksjournalistikken. Førelesinga går fredag 28.9 kl. 12.15.

Fredag 28. september kl. 12.15-14.00.

Førelesinga er i Berte Kanutte-huset, Vesle auditorium

Egil Johan Ree var tidlegare NRK-korrespondent i Moskva, og mangeårig utanriksmedarbeidar i utanriksavdelinga i Norsk Rikskringkasting.

Tittel på føredraget er ”Mai-opprøret i Frankrike 1968. Ein utanriksreportar sitt perspektiv på utanriksjournalistikken,” og førelesinga er ein del av programmet for Internasjonal Mediehistorie ved Avdeling for mediefag,

Førelesinga er open for alle interesserte.

Egil Johan Ree er ein av dei utanriksjournalistiske veteranane i norsk utanriksjournalistikk - og tilhøyrer også for ein hel generasjon nordmenn ein av dei klassiske radiostemmene og fjernsynsfjesa i NRK. I dei seinare år har han ikkje minst vore kjend for sine radiokåseri.

Del på: