USA Today-journalist og amerikansk professor føreles i Volda
Andrea Stone har vore journalist i USA Today sidan 1985, og er ein av dei mest kjende reporterane til det prestisjetunge mediehuset. Ho har arbeidd som utanriksreporter i over 25 land, inkludert Israel, Irak og Afghanistan. No er skriv ho innanriksnyhende.
W. Joseph Campbell er professor ved fakultetet for kommunikasjon ved American University i Washington, og er ein prisvinnande forfattar av fleire bøker om journalistikk og massekommunikasjon. Han har arbeidd som journalist i over 20 år.
Førelesingane vil finne stad tysdag 18. september mellom kl 12.15 og 15.00 i Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda, i Aasen-auditoriet, melder førstelektor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag.
Andrea Stone si førelesing har tittelen ”Amerikanske mediers forhold til regjering og stat”, og W. Joseph Campbell si førelesing har tittelen “Media og folkeopinion”.
Sjølv om førelesingane går inn som ein del av journaliststudentane sine gjesteførelesingar, vil dørene vere opne for alle.