Synnøve Hole presenterer media sitt arbeid i krisa
NRK-journalist Synnøve Hole er innleiar på seminaret ”Krisekommunikasjon i praksis” torsdag 4.10 denne veka. Seminaret handlar om å planlegge for og evaluere etter ein krisesituasjon, og brukar Bourbon Dolhpin-ulykka som utgangspunkt. Ho vil presentere den første rapporten som var sendt i Kveldsnytt og dei første timane etter ulykka.
![]() Synnøve Hole. Foto: NRK | Frå eit mediestandpunkt vil Synnøve Hole presentere kva som skjedde dei første minutta/timane hjå NRK-redaksjonen, korleis dei vart møtt av leiinga i Bourbon Offshore og deira måte å takle krisa på. Les meir på www.hivolda.no/kommunikasjon |