Lærarutdanninga

  • Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

    Publisert

    I løpet av siste året har førsteamanuensis Irene Velsvik Bele fått antatt fire referee-vurderte artiklar for publisering i internasjonale tidsskrift. Bele har doktorgrad i spesialpedagogikk frå UiO, og underviser på masterstudiet i spesialpedagogikk m.a. i språkvanskar, lese-skrive- og matematikkvanskar.

  • Doktorgrad om IKT i den norske ungdomskulen

    Publisert

    Cand. scient. Rune Johan Krumsvik disputerer 2. mars for Dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga ”ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”.

  • Voldaforskarar med rapport om tilpassa opplæring

    Publisert

    Førsteamanuensis Kari E. Bachmann og professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda gav nyleg ut forskingsrapporten om tilpassa opplæring i skulen i eit oppdrag som Utdanningsdirektoratet gav til forskingsmiljøet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. I rapporten presenterer og drøfter forskarane forskinga som er gjort i Noreg om tilpassa opplæring.

  • Betre løn og lettare jobbmarknad med matematikk

    Publisert

    - Matematikk har vorte ei fordel både når ein skal søkje arbeid og i lønssamanheng, fortel førsteamanuensis Arne Kåre Topphol ved Avdeling for lærarutdanning. Her ved Høgskulen i Volda har vi hatt ein jamn auke siste året – og interessa er framleis aukande, meinar han, og peikar på Kunnskapsløftet som ein viktig faktor.

  • Nyskapande prosess i Haram

    Publisert

    Sist veke gjennomførte Høgskulen i Volda fire dagssamlingar for skuleverket i Haram kommune. Samlingane er ein del av ein prosess kalla ”Læring i praksis” og er ein del av vår satsing på Kunnskapsløftet. Om lag 150 lærarar og skuleleiarar frå 14 skular samla seg med fokus på matematikk , fysisk fostring, norsk og korleis ein skal tilpasse desse faga til dei nye læreplanane.

  • Yksnøya på radio førstkomande søndag

    Publisert

    - Friluftsliv og kroppsøving sin friluftsbase på Yksnøya skal vere eit av temaa i "Naturens Verden" på NRK P1 førstkomande søndag. Høgskulen i Volda har bygt opp ein unik base der studentar og tilsette studerer natur og friluftsliv på nært hald.

  • Fagseminar i Kommunikasjon og presentasjon for studentar

    Publisert

    Måndag 30. januar får studentar ved Høgskulen i Volda igjen høve til å få med seg eit spennande og nyttig fagseminar i Kommunikasjon og presentasjon under leiing av Marit Ulvund frå Dramaseksjonen ved Høgskulen.

  • Nyttårskonsert med Høgskuleorkesteret

    Publisert

    - Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda arrangerer også i år nyttårskonsert i Berte Kanutte-huset, melder Tone Vatne i styret. Nyttårskonserten er ein flott tradisjon både for orkester og publikum, og Helge Hamsaas, lærar ved høgskulen og lokalkjend musikar, står nok ein gong for leiing og repertoar.

  • Playback! Eit spanande prosjekt mellom Volda og Nairobi

    Publisert

    - I forrige veke var to representanter for Landsforbundet Dissimilis, Ola Skare (forbundsleiar) og Kari Beth Tørrisen (kunstnerisk leiar) i Volda for å bli involvert i prosjektet og diskutere strategi for å skaffe midlar til forprosjektet/prosjektet, fortel internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen.

  • Ny bok fra professor Heggen

    Publisert

    De unge forteller om sitt forhold til foreldre, skole, fritid og jevnaldrende. Boka ”Ungdom i endring. Mestring og marginalisering” handler om ungdom i Norge rundt et årtusenskifte, og presenterer resultater fra over 10 000 tenåringer sine svar i "Ung i Norge"-undersøkelsen i 2002.