Fagseminar i Kommunikasjon og presentasjon for studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Kommunikasjonskompetanse kan ofte vere avgjerande for i kva grad vi opplever meistring og tryggleik i sosiale situasjonar, og kanskje spesielt når vi skal prestere, fortel rådgjevar ved Høgskulen i Volda, Ann-Iren Høgalmen.

- Ulvund vil legge vekt på å auke deltakarane si bevisstheit kring eigen kommunikasjon verbalt og non-verbalt, og om korleis vi omgås kvarandre og verkar på kvarandre sosialt.

Nyttig kurs
- Vi har arrangert dette kurset to gonger tidlegare, og tilbakemeldingane frå studentane har vore overveldande:

”Eit spennande og lærerikt kurs. Innhaldet og opplegget fungerte godt. Håper

det kan verte arrangert liknande kurs seinare”

”Dette trengs i alle fag og studieretningar ved høgskolen!”

”Lært masse om ting eg lurte på og fått masse gode råd! Har blitt

oppmerksom på ein heil del nye ting”

”Veldig konkret og lærerikt. Mange flotte og fruktbare teknikker å bruke videre”

- Målsettinga med dette fagseminaret er å gje deltakarane nye meistringsstrategiar som dei kan ta med seg tilbake til studiekvardagen sin, som kan gjere det enklare å gjennomføre ulike prestasjonssituasjonar som t.d. framleggingar eller munnleg eksamen, seier Høgalmen.

Tid og stad: Måndag 30. januar kl 18.00 – 21.00 på Hans Strøm-huset, rom 243.

Vi har ikkje plass til meir enn 30 deltakarar, så den som melder seg på først får plass.

Dersom du er interessert kan du melda deg på til Ann-Iren Høgalmen innan fredag 27. januar.

Del på