Doktorgrad om IKT i den norske ungdomskulen
Med bakgrunn frå lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og det nasjonale IKT-prosjektet PILOT, disputerer cand. scient. Rune Johan Krumsvik om IKT i den norske ungdomskulen.
Krumsvik har bakgrunn som doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, og er no tilsett som førsteamanuensis i pedagogikk ved Institutt for Utdanning & Helse, UiB.
"ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”.
Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) influerer på dei fleste område i samfunnet vårt og gir både moglegheiter, utfordringar og dilemma. Særskilt har framveksten av Internettet og breibandsteknologien ført til endringar innan ei rekkje samfunnsområde. Trass i denne digitale revolusjonen syner ei rekkje forskingsstudiar både nasjonalt og internasjonalt at skulen har hatt, og har, vanskar med å integrere teknologien i si verksemd på ein fornuftig måte. Difor har det vore ein gjennomgåande tendens at IKT i skulen har hatt ei sterkare retorisk forankring, enn i praksis.