Lærarutdanninga

  • Voldagruppe på tyrkisk studentveke

    Publisert

    I slutten av april deltok vokal og instrumentalgruppa TREFIR frå Høgskulen i Volda på den årlige studentfestivalen ved vårt partneruniversitet Mustafa Kemal University i Antakya, Tyrkia.

  • Fooladi skal snakke om molekylær gastronomi på radio

    Publisert

    Søndag 14. mai tek høgskulelektor Erik Fooladi del i det populærvitskapelege magasinet Superstreng på Kanal 24. Kvar veke vert ein fagperson/forskar/ekspert invitert inn i studio til skribent, førelesar og programleiar Eirik Newth for å samtale om eit vitskapeleg tema.

  • Med Rotevatnet som bakteppe

    Publisert

    Studentar ved Drama årseining går på skift for å feste Rotevatnet gjennom eit heilt døgn til film. Filmen skal bli del av scenografien til eksamensforestillinga, Under overflaten, med premiere den 29. mai.

  • Prøvekluten byd på to dagar med kreativ kveik i juni

    Publisert

    Er nokon av oss fødde med eit kreativt gen? Neppe! Kvifor tenkjer då tilsynelatande nokon fleire og betre kreative tankar enn andre, og kva har eit foreldrepar med firlingar til felles med Kristoffer Schau, Hege Duckert og Ingvar Ambjørnsen?

  • Studentar frå musikkutdanninga til tyrkisk studentveke

    Publisert

    Til helga reiser vokalgruppa TREFIR frå Høgskulen i Volda til den tyrkiske studentveka The Spring Festival ved Mustafa Kemal Universitesi. Universitetet ligg i Antakya, og er ein av samarbeidsinstitusjonane Høgskulen har i Tyrkia.

  • MID-praksis på NRK i kveld

    Publisert

    Beste film frå Media, ikt og design-studiet sin praksis ved Bratteberg skule skal visast på NRK M&R i kveld kl. 18.40. Studentane lærte elevane om film og filmproduksjon, og hjalp dei med å lage eigne spenningsfilmar. I dag er elevane i TV-nyhenda.

  • Midt i Norden med ny profil

    Publisert

    Det landsdekkende nettverket av studiesentra, Midt i Norden, skifter profil og løfter fram Studiesenteret som nytt varemerke. Høgskulen i Volda er en av samarbeidspartene til Studiesenteret, som gjennom ny teknologi når frem til nye studentgrupper i distriktene.

  • MID-praksis med premierevisning i morgon

    Publisert

    - Filmen handlar om eit bursdagsselskap der eine etter den andre blir kidnappa, fortel Martin i 6. klasse på Bratteberg skule. Dei har temadagar om mellom anna film, og no har dei studentar frå Media, ikt og design (MID) som lærarar. - Det har vore ein lærerik praksis kommenterer MID-student og praksislærar Torill Elise Kolbeinsen (22).

  • Lærarstudentane tok over ungdomsskulen

    Publisert

    - No skal eg ha klasse 10E i samfunnsfag, og eg har gjort klar ein quiz til elevane, seier Kai Oskar før han legg bøkene og fråverslista under armen og reiser seg frå lærarromet. Han har teke over Ørsta ungdomsskule saman med 45 andre PPU-studentar i lærarpraksis.

  • Spenningskurset i full sving på Bjorli

    Publisert

    - Spenningskurset, tidlegare Kva.no, er vert arrangert for trettande gang denne veka på Bjorli, melder høgskulelærar Svein Arnesen ved Avdeling for lærarutdanning i Volda. Det er rekordstor påmelding dette året, med nesten 400 personar involvert i prosjektet, også kjent som Vinteraktivitetsveka.