Lærarutdanninga

  • Barnehageløftet for 700 deltakarar

    Publisert

    Om lag 700 barnehagetilsette frå kommunane i Sjustjerna (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) er i dag samla på Høgskulen i Volda og i Herøy kulturhus for å starte opp eit fagleg løp med kompetansebygging og utviklingsarbeid i barnehagane. Prosjektet er ein del av storsatsinga i Barnehageløftet, og er eit samarbeid mellom Sjustjerna og Høgskulen i Volda.

  • HVO inngår rammeavtale med Norsk nettskule

    Publisert

    – Høgskulen i Volda og Norsk nettskule AS har gått saman om ein rammeavtale med overordna mål om å byggje opp under Volda som felles studiestad og leverandør av studium med høg kvalitet og fleksibilitet, forklarar prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning.

  • AHL satsar på etter- og vidareutdanning i Kunnskapsløftet

    Publisert

    Kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar er ein sentral del i gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) har teke mål av seg til å vere ein sentral samarbeidspartnar for skulane i regionen, og satsar på etter- og vidareutdanning der kompetansenettverk, prosjekt og intern skolering er viktige element.

  • Kunnskapshungrige pedagogar

    Publisert

    -No er det fullt hus, seier ein smilande prosjektleiar, Grete Dalhaug Berg. Onsdag 11. september har over hundre kunnskapshungrige pedagogar meldt seg på fagdag i spesialpedagogikk. Temaet i år er spesialpedagogikk i barnehagen. -Vi har fått tak i mange gode forelesarar, så no er vi ekstra glade for at så mange har sett av dagen, seier Berg.

  • Lila Moberg: Ny bok om korleis små barn kan bruke data

    Publisert

    Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen som ein lærande organisasjon? Korleis kan dei vaksne i barnehagen bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og læring? Dette er spørsmål som høgskulelektor Lila Moberg tek opp i si nye bok, "Barn og kommunikasjon
    - Om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy."

  • Bachelor i drama - en utdanning med muligheter!

    Publisert

    Ett av spørsmålene vi ofte blir stilt er: "Hva kan jeg bli hvis jeg studerer drama?" En kjapp undersøkelse, blant tidligere studenter ved drama viser at med Høgskolen i Volda sine gode muligheter for emnekombinasjoner i bachelorløpene er framtidige yrkesmuligheter mange og spennende!

  • Høgskulen vil ha fleire menn til førskulelærarutdanninga

    Publisert

    - Det er for få menn i norske barnehagar. No vil Kunnskapsdepartementet starte team som skal rekruttere menn til førskulelærarutdanninga, melder nrk.no. Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. seier til nrk.no at Høgskulen i Volda har meldt si interesse til å drive eit av teama.

  • Søkjarar etterspør lærarutdanninga i Volda

    Publisert

    - Til no har vi sendt ut 59 tilbod om studieplass på allmennlærarutdanninga, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth ved Høgskulen i Volda. Vi har 60 studieplassar - og kan få fråfall, så det kan framleis opne seg studieplass for dei som er raskt ute.

  • Framtidas lærarar!

    Publisert

    - Vi har håp og tru på at vi får ein av dei beste skulane i framtida. Det er der vi er og det gir motivasjon, seier Elena, Laila og Andreas som er allmennlærarstudentar ved Høgskulen. Lærar er ei av yrkesgruppene som kan sjå lysast på framtida, om ein ser på arbeidsmarknaden i åra framover.

  • Seminar og utstilling: "Little boy of Hiroshima"

    Publisert

    - For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt, fortel Tengyo Kura, lærar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er initiativtakar til seminar, konsert og utstilling om Hiroshima ved høgskulen i september. Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret.