Lila Moberg: Ny bok om korleis små barn kan bruke data

Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen som ein lærande organisasjon? Korleis kan dei vaksne i barnehagen bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og læring? Dette er spørsmål som høgskulelektor Lila Moberg tek opp i si nye bok, "Barn og kommunikasjon
- Om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy."

barn-og-data525

Lila Moberg har skrive boka saman med Nora Lindén.

- Eg gjennomførte forskningsprosjektet Kreativ bruk av IKT i barnehagen frå 2004 til 2006, fortel Lila Moberg.

- Mange av erfaringane og praktiske døme er henta frå det. Dei viser at barna utvikla kreativitet, omsorg og sosial kompetanse.

- Boka handlar om bruk av digitale verktøy saman med barn i barnehage og dei første åra i grunnskulen, og gir god innføring i korleis digitale verktøy kan integrerast og brukast som ein del av leikeutstyret i barnehagen, kommenterer Moberg. 

lila_stor_5
Lila Moberg

- Boka viser også korleis ein kan nytta digitale verktøy til å arbeida med dei sju fagområda slik det vert stilt krav om i rammeplan for barnehagen 2006.

Les meir om boka på forlaget sine nettsider

Boka og prosjektet vil bli presentert på eit arrangement 23. sept. under Forskingsdagane 2008.

I studiekatalogen på nett finn du meir informasjon om halvårsstudiet Kreativ bruk av IKT i barnehagen. Dette har søknadsfrist 1. sept. 2008.

 

 

Del på: