HVO inngår rammeavtale med Norsk nettskule

– Høgskulen i Volda og Norsk nettskule AS har gått saman om ein rammeavtale med overordna mål om å byggje opp under Volda som felles studiestad og leverandør av studium med høg kvalitet og fleksibilitet, forklarar prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning.

– Avtalen byggjer også på at vi har ein geografisk nærleik til kvarandre og er forankra i eit felles syn om at læring skjer best i møte mellom menneske, forklarar Nes.

– Vi vil no samarbeide om skuleretta etter- og vidareutdanning og utviklingsarbeid. Avtalen byggjer vidare på samarbeid vi har hatt tidlegare og skal vere med på å etablere nye samarbeidsfelt.

Tett samarbeid
– Dette er ei utveksling av kompetanse, understrekar Nes.
Han viser til at Norsk nettskule vil nytte høgskulen som sin primære samarbeidspart i produksjon og tilrettelegging av fagleg innhald. Likeins vil høgskulen nytte Norsk nettskule i tilrettelegging og drift av slike utdanningstilbod.

–  Samarbeidet skal gå føre seg på institusjonsnivå, forklarar Nes, og viser til at ein vil nemne opp konkrete kontaktpersonar med ansvar for god, intern informasjonsflyt.

Ekstern lenkje til Norsk nettskule

Del på: