Kunnskapshungrige pedagogar
-Det er andre gongen vi arrangerer ein slik fagdag, og vi satsar på at dette skal bli eit årleg arrangement med ulike tema i åra framover. Vi meiner at dette er nyttig både for fagmiljøet ved Høgskulen i Volda og yrkesgruppene vi vender oss til. Praksisfeltet får ei fagleg fornying innanfor spesialpedagogikk og vi får kontakt og dialog med praksisfeltet. Masterstudentane ved Master i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda har ein spesiell plass i programmet. Avgangsstudentane skal presentere sine masteroppgåver og blir på slutten av dagen premiert med diplomutdeling. -Vi har eit eige ansvar for å syne praksisfeltet alt det gode arbeidet masterstudentane gjer, seier Berg. -Studentane observerer og analyserer ulike problemstillingar innanfor fagfeltet. Det er viktig at konklusjonane av dette kan skape grobunn for dialog mellom fagmiljø og praksisfelt. Det er alle tent med! Fagdag i spesialpedagogikk vil finne stad på Høgskulen i Volda den 11. september kl 09.30 til 17.30 i Henrik Kaarstad-huset rom 210.
|
|