Barnehageløftet for 700 deltakarar
Den store gruppa av barnehagetilsette er fordelt på fire faglege emne;
- IKT og medverknad med Lila M. Moberg og Gerd Sylvi Steinnes
- Språk og språkutvikling med Liv Ingrid Håberg og Irene Garnes Hareide
- Mat og rørsle med Heidi Brunstad og Eli-Karin Sjåstad Åsebø
- Lærerrik leik med Bente Vatne, Karianne Osborg og Oddrun Aarflot (på Herøy kulturhus)
Utviklingsarbeidet skal gå over vel eit heilt barnehageår, og skal ikkje avsluttast før 5. oktober 2009.
Varaordførar i Ørsta, Paul Kristian Hovden ønskte velkomen på vegne av kommunane i Sjustjerna
Lisbet Sæter gir ei innføring i korleis utviklingsarbeidet kan bli gjort i barnehagane
Heidi Brunstad innleia økta om mat og rørsle for dei om lag 180 deltakarane
Varaordførar i Ørsta, Paul Kristian Hovden og fagleg koordiantor for Barnehageløftet ved Høgskulen i Volda, Lisbet Sæter
Les meir om Barnehageløftet på www.hivolda.no/barnehageloftet