AHL satsar på etter- og vidareutdanning i Kunnskapsløftet
Kunnskapsløftet er regjeringa si reform for grunnskulen og vidaregåande opplæring, og Utdannings- og forskingsdepartementet har sett av betydelege midlar til kompetanseheving. Høgskulen i Volda er med i eit nettverk for elev- og lærlingvurdering (NELVU). Høgskulelektor Siv M. Gamlem ved AHL representerer høgskulen i nettverksgruppa. Målet er å få til ei meir heilskapleg kompetanseutvikling for skuleleiarar, lærarar og anna pedagogisk personale i det 13-årige skuleløpet. Dei fleste høgskular og universitet i Noreg er representerte i nettverket.
Tverrfagleg vurderingsgruppe
Ei av dei største satsingane for høgskulen når det gjeld Kunnskapsløftet, er prosjektet elevvurdering.
– AHL har oppretta ei tverrfagleg vurderingsgruppe med representantar frå fagfelta pedagogikk og fagdidaktikk, og i tillegg ein representant frå Nynorsksenteret, seier Ivar Hagen, konsulent ved avdelinga. – Fagmiljø frå fleire avdelingar er med, og tema for arbeidet i gruppa er ”Elevvurdering som skuleutviklingsprosjekt (EVU)”.
Gruppa har eit tosidig siktemål: intern skolering av fagtilsette i temaet elevvurdering og eksterne EVU-prosjekt ute i kommunane.
2000 lærarar engasjert i prosjekta
I dag er om lag 2000 lærarar i åtte kommunar (Volda, Ørsta, Sykkylven, Haram, Fræna, Molde, Vestnes, Rauma) i regionen inne i prosjekta. Alle skulane i kommunane er med, og målet er å setje fokus på eigen vurderingspraksis for å betre tilbakemeldingskvaliteten til elevar og føresette.
– Det er avgjerande for prosessen og resultatet at skuleeigarane (kommunane) og skuleleiarane er med i prosjektet. Vurderingsgruppa frå HVO er faglege rettleiarar og leier prosessen, fortel leiar for vurderingsgruppa, Siv M. Gamlem.
Siv M. Gamlem er koordinator for Kunnskapsløftet, og
representerer høgskulen i NELVU (Foto: Ivar Hagen).
Intern skolering – styrking av lærarutdanninga
Eit viktig aspekt for vurderingsgruppa er at den interne skoleringa ved høgskulen og samarbeidet med praksisfeltet få verknader for studia til allmennlærar- og PPU-studentar. Allmennlærarstudentane vil mellom anna få elevvurdering som del av oppgåvene knytte til praksisgjennomføringa.
– I elevvurderinga skal elevane vurderast i forhold til kva grad dei har nådd kompetansemåla i dei ulike faga (grad av måloppnåing). Vurdering og tilbakemelding til elevane og dei føresette skal i større grad enn før vere med og auke elevane si involvering i eiga vurdering, og vere eit verkty i vidare læring og utvikling. På denne måten er det ikkje berre ei sluttvurdering som dokumenterer kva elevane kan. Undervegsvurdering er ein sentral faktor når det gjeld å forbetre elevane sitt høve til læring, seier Siv M. Gamlem.
Etter- og vidareutdanning i skulefag
AHL er også i gang med etter- og vidareutdanning i naturfag, matematikk og engelsk i mange kommunar.
– Deltakarane kan velje om dei vil ta det som vidareutdanning med eksamen og kompetansegjevande studiepoeng, eller som etterutdanning utan eksamen og studiepoeng. Det er stort behov i regionen for desse tilboda, avsluttar Ivar Hagen.