Til Frankrike for å forelese om norsk på fransk og engelsk

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

e2e4f412c91f84d1554653388f918348

Denne veka vert svært så innhaldsrik for høgskulelektoren ved Høgskulen i Volda (HVO). Måndag er Holmen på plass ved Frankrikes nest største universitetet som vart grunnlagt i 1538, der ho får nok å henge fingrane i fram til laurdag. Under heile veka skal ho vere med å undervise franske studentar som lærer seg norsk.

Tysdag står ho bokstavleg talt framfor det ho kanskje gler seg mest til – forelesinga og møtet med forskarar ved Universitetet i Strasbourg.

– Det er kjempespennande og veldig moro. Det verkar som det er mykje flinke folk på universitetet. Dei har reklamert breitt for at eg skal kome å snakke, så eg håper det kjem ein del folk, seier Holmen.

Erfaringsutveksling

Ho skal mellom anna leggje fram resultat frå utviklingsarbeidet ho og kollega Birgitte Fondevik har arbeidd med – Språkmøter i lærerutdanningen. Det er eit prosjekt der målet har vore å bidra til å utvikle kunnskap om korleis HVO som lærarutdanningsinstitusjon kan bidra til at studentane tileignar seg den nødvendige kompetansen som trengst for å bli norsklærarar i ein fleirspråkleg skule. Holmen og Fondevik har prøvd ut ein arbeidsmåte i norskundervisninga der lærarstudentar og internasjonale studentar møtes for å snakke om det norske språket og om forskjellar og likskapar mellom språk.

– Dei er interessert i å høyre om dette arbeidet og difor har dei laga til dette seminaret på kvelden der det berre er eg som skal snakke. Etterpå gler eg meg til å høyre korleis forskarane i Strasbourg arbeider med fleirspråklegheit. Eg skal mellom anna møte tilsette ved lærarutdanninga for å få vite meir om korleis den er lagt opp i Frankrike. Det veit eg nesten ingenting om frå før, det vert interessant. Vi har sikkert ein del erfaringar å utveksle, spår Holmen.

Nesten på heimebane med fransk

Sjølv om mykje vert nytt under opphaldet, er språket langt ifrå framand. Holmen har både studert og undervist i fransk tidlegare. No skal dei gamle kunstane børstast støv av.

– Det er kjempegøy å få tatt opp fransken igjen – eit stort pluss med denne turen. Eg har sakna å bruke den delen av kompetansen min, så det ser eg fram i mot, seier Holmen før ho røper at ho har fått løyve til å bruke nokre engelske ord om ho vert ståande fast.

Utanom norskundervisninga og foredraget for forskarane skal Holmen også forelese for studentar som tek skandinaviske studiar. – Dei skal få høyre om det norske språket. Då tek eg for meg nynorsk, bokmål og dialektar, med hovudvekt på nynorsk.

Nye kontaktar

Universitetet i Strasbourg er eit av HVO sine partnaruniversitet, og har 43.000 studentar og 4000 forskarar. Holmen kom i kontakt med Thomas Mohnike, som er instituttleiar ved institutt for nordiske språk og litteratur ved universitetet, då han vitja Volda i fjor. Dei har hatt kontakt i etterkant og Holmen vart etter kvart invitert sørover. HVO har no éin utvekslingsstudent frå Strasbourg og Holmen har høyrt rykte om at fleire ønsker seg til Volda.

Ho skal avslutte veka med å delta på eit seminar om Nord-Europa som går føre seg fredag og laurdag.

– Det er eit tverrfagleg seminar der eg er invitert til å vere med i diskusjonen. Eg vil vere med der for å nytte høve til å knyte til meg nye kontaktar.

pressefoto

Sofie Emilie Holmen

Del på