Fire millionar til digitalisering av Norsk Ordbok

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kulturdepartementet har gitt Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen ei løyving på fire mill. kroner i 2020 til digitalisering av Norsk Ordbok A-H. – Nynorsk skriftkultur og formidling er eit strategisk viktig område for Høgskulen i Volda, seier førsteamanuensis Stig Helset ved Institutt for språk og litteratur.

Føremål

–Føremålet med prosjektet er å fullføre digitaliseringa av Norsk Ordbok. Det som står att er alfabetstrekket a–h.  Norsk ordbok i digital versjon vil bli eit påliteleg og effektivt søkjeverktøy for norsk dialektmateriale og det nynorske skriftspråket som vil vere fritt tilgjengeleg for ålmenta, seier Helset.

Norsk Ordbok er ei ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Ordboka gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Under oppslagsorda finn ein informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.

Stig Helset
Førsteamanuensis Stig Helset.

Samarbeid

I samarbeidsavtalen mellom Høgskulen i Volda (HVO) og universitetet i Bergen (UiB) heiter det mellom anna at institusjonane ser Norsk Ordbok med ordarkiv og samlingar som ein vesentleg del av underlaget for nynorsk skriftkultur og norsk språk allment.

– HVO har ikkje kompetanse eller ressursar til å drive med konkret redigeringsarbeid. Det betyr at mesteparten av løyvinga blir disponert av UiB ved Språksamlingane og den etter kvart vel etablerte redaksjonen for Norsk Ordbok A-H der, seier førsteamanuensis Stig Helset.

Utvikling av Nynorskkorpuset

HVO har blitt bede om å ta medansvar for vidareutvikling og tilrettelegging av Nynorskkorpuset (NNK), ei elektronisk samling av nynorske tekstar. Samlinga omfattar per i dag omkring 102 millionar ord. Korpuset inneheld skjønnlitteratur, avistekstar, tidsskriftartiklar, læreboktekstar, religiøse tekstar og tekstar frå offentleg målbruk. Tekstane som ein kan søkje i spenner frå 1870-åra og fram til i dag, med hovudvekt på dei siste femti åra.

Nasjonalt seminar

– I samband med dette planla vi å skipe eit nasjonalt korpusseminar ved HVO 25. mars 2020. Dette vart utsett grunna pandemien. Målet med seminaret er å drøfte korleis NNK kan bli utvida, balansert og tilrettelagt som ein sentral ressurs for redigering av Norsk Ordbok, for andre språkvitskaplege studium og for utvikling av språkteknologi for nynorsk. Vidare vil vi drøfte om og eventuelt korleis NNK kan inngå som delressurs saman med korpusressursar for bokmål i utviklinga av eit felles nasjonalkorpus for norsk. Til å dekke kostnader knytt til dette seminaret har HVO fått tilsegn på ei eingongsløyving på 100 000 kr av dei ovanfor nemnde løyvinga frå UiB, seier Helset.

Strategisk

Førsteamanuensis Stig Helset peikar på at arbeidet med Norsk Ordbok går inn i eit strategisk viktig område ved Høgskulen i Volda.  

– I høgskulen sin strategiplan heiter det at HVO skal ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk. Viktige element i denne satsinga er mellom anna Master i nynorsk skriftkultur og Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa).

 

Del på