Symposium om skriftkultur-forsking
Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid. Siktemålet med symposiet er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur i ein brei literacy-samanheng:
• Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda?
Symposiet vil bli lagt til Høgskulen i Volda rett i forkant av Dei nynorske festspela 2018, nærmare bestemt 6.–7. juni 2018. Det vil med andre ord vere mogleg å kombinere fagleg meiningsutveksling med kulturelle opplevingar og dessutan ein fjelltur i dei vakre Sunnmørsalpane.
Alle som er interesserte i skriftkulturfeltet, er hjarteleg velkomne til å ta del på heile eller delar av symposiet!
Stad: Høgskulen i Volda (Vesle auditorium, Berte Kanutte-huset)
Praktisk: Det er fint om du melder frå om du kjem! Vi ber særleg om at dei som vil ta del i felleslunsjen onsdag 6. juni, gjev bindande påmelding til [email protected] innan 30. mai 2018. Meld då også frå dersom du har matallergiar.
Program:
Onsdag 6. juni
10.00-11.00: Registrering og servering av kaffi og sveler.
11.00-11.10: Velkomen ved HVO-rektor Johann Roppen.
11.10-11.30: Om bakgrunnen for og siktemålet med symposiet ved professor Endre Brunstad og førsteamanuensis Stig Jarle Helset.
11.30-12.00: «Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet» ved professor Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo.
12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pernille Fiskerstrand.
12.30-13.00: «Skriftkulturforsking som ideologikritikk» ved professor Stephen J. Walton, Universitetet i Søraust-Noreg.
13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Jonas Gamborg Lillebø.
13.15-14.15: Felleslunsj i kantina på Berte Kanutte-huset.
14.15-14.45: «Kva er skriftkultur og kva utfordringar står ein overfor når ein skal avgrense omgrepet ‘skriftkultur’?» ved professor Arne Apelseth, Høgskulen i Volda.
14.45-15.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Gudrun Kløve Juuhl.
15.15-15.45: «Skriftkultur og danning. Kva har den nynorske skjønnlitteraturen hatt å seie for danning og identitetsdanning?» ved professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda.
15.45-16.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pål Hamre.
16.30-18.30: Fjelltur til Helgehornet ved bra vêr.
Omvising i Ivar Aasen-tunet ved dårleg vêr.
20.00: Middag for innleiarar og arrangørar på Hotell Ivar Aasen.
Torsdag 7. juni
09.00-09.30: «Den nynorske romanen. Om ein skriftkulturell praksis» ved professor Geir Hjorthol, Høgskulen i Volda.
09.30-09.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Marit Brekke.
10.00-10.30: «Opplæring i nynorsk som skriftspråk, utan dialektane» ved professor Per Henning Uppstad, Universitetet i Stavanger/Høgskulen i Volda.
10.30-10.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Anne Steinsvik Nordal.
11.00-11.30: Servering av kaffi og sveler.
11.30-12.00: «Minoritetsspråklege skriftkulturar. Normering, standardisering og bruk av minoritetsspråk» ved professor Unn Røyneland og medforfattar og postdoktor Haley de Korne, Universitetet i Oslo.
12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Hilde Osdal.
12.30-13.00: «Å dokumentere og forvalte ein språkkultur. Prinsipielle og aktuelle perspektiv for nynorsken» ved Margunn Rauset, leksikograf ved Språksamlingane, Universitetet i Bergen.
13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Tor Arne Haugen.
13.30-14.15: Status og framtid for skriftkulturforskinga. Panelordskifte med spørsmål til innleiarane. Ordstyrarar: Endre Brunstad og Stig Jarle Helset.
14.30-15.30: Lunsj for innleiarar og arrangørar i Ivar Aasen-tunet.
Frå torsdag ettermiddag til søndag kveld blir det høve til å ta del i ulike delar av det rikhaldige programmet ved Dei nynorske festspela 2018 i Ivar Aasen-tunet.