Historisk professor ved høgskulen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

c86d61288cf74071b29a38750b39c8ea

Nedregotten Sørbø starta i eit vikariat som høgskulelektor i engelsk i Volda hausten 1989. No, snart 27 år seinare, kan ho kalle seg professor.

– Det er veldig kjekt. Då eg starta å undervise her sa alle at eg var så ung. No er eg den eldste på engelsk-seksjonen, og sånn sett passar det vel bra, seier 60-åringen og fortset:

– Men eg har aldri hatt som mål at eg skulle verte professor. Å lese litteratur og skrive artiklar og bøker er det som har drive meg framover.

Strategisk viktig for høgskulen

Høgskulen i Volda har aldri før hatt ein professor i engelsk. Nedregotten Sørbø meiner det er på høg tid at det no kom på plass.

– Det er viktig for høgskulen å utvikle seg vidare i engelsk. Vi må våge å ta nye steg mot høgare akademisk nivå og henge med etter som utdanningssektoren utviklar seg. For å stå imot sentralisering må vi tore å satse i Volda. Dette kan gjelde til dømes satsing på fleire mastertilbod og nye framtidige PhD-utdanningar, er Nedregotten Sørbø tydeleg på.

I si nye stilling vert ho sentral i arbeidet med engelsk-delen av den nye femårige grunnskulelærarutdanninga som trer i kraft frå hausten 2017. Det vert då ei masterutdanning der det vert stilt krav til professorkompetanse i kvart enkelt undervisningsfag for å få akkreditering til å tilby utdanninga. Difor er den ferske professoren eit viktig og heilt essensielt tilskot for høgskulen.

– Det verte kjekt å undervise på masternivå i grunnskulelærarutdanninga. Å få det høgaste nivået i engelsk i Volda er svært bra, det har også vore etterspurd av engelskstudentane i mange år.

Vert lykkeleg av skriving og undervisning

Kombinasjonen av undervisning og forsking set ho høgt. Ho kan ikkje og ville heller aldri ha kutta ut ein av delane.

– Då eg kom hit visste eg at eg var glad i å skrive, og det har vore ein rød tråd for meg. Eg er lykkeleg når eg skriv, og eg må skrive for å klare å tenke. Eg vert også lykkeleg av å undervise, om ikkje i absolutt alle timane, men god tilbakemelding frå nøgde studentar gjer meg glad. Eg gler meg til å begynne å undervise igjen, det er fruktbart for forskinga også. Gjennom undervisninga ser eg kva som manglar i forskinga og får nye idear, fortel Nedregotten Sørbø som dette studieåret har hatt eit forskingsår utan undervisning.

Nedregotten Sørbø vart utdanna cand. philol. over sju år ved Universitetet i Bergen med engelsk som hovudfaget sitt. Etter det var Ålesund-kvinna innom lektorjobbar i vidaregåande skule, arbeidde litt som journalist og fekk fire barn. Det omfattande forskingsarbeidet hennar gjennom ei rekkje år, som ho kvalifiserte seg til professor-tittelen med, delar ho opp i tre bolkar. Alle har naturlegvis med engelsk litteratur å gjere, som er spesialfeltet hennar.

– Det første var undervisningsrelatert. Eg såg på litteratur som vart brukt i skulen, der barnelitteratur er eit døme. Medan det neste gjekk på adaptasjonsforsking, og då i forhold til film og fjernsyn. Der tok eg til dømes for meg korleis filmskaparar tolkar ei bok. Det var då eg hadde det store arbeidet med Jane Austen (britisk forfattar på 1700- og 1800-talet), som eg også tok doktorgrad i. Mens den siste biten er resepsjonsforsking. Det er spesielt resepsjonen av kvinnelege forfattar som interesserer meg, korleis dei har vorte mottekne, omtalt og om verka deira har vorte omsett til andre språk, forklarar Nedregotten Sørbø som legg til at tre store internasjonale forskingssamarbeid har prega hennar forskingsaktivitet dei 10-12 siste åra.

Priviligert i Volda

Det siste vart HVOs første EU-finansierte forskingsprosjekt i 2013, og det skal avsluttast i løpet av august. I innspurten av dette sit ho no og samlar trådane frå tre års datainnsamling, og skriv bok om funna.

– Nytta av å samarbeide med akademikarar frå andre land har vore uvurderleg for meg. Det er den vegen vi må tenke framover for å utvikle oss og få forskingsmidlar, påstår den ferske professoren der ho sit i den vesle studiebygda og har kontakt med kollegaer frå heile Europa i arbeidet sitt.

– Eg er privilegert som får arbeide på høgaste akademiske nivå i ei triveleg lita bygd med så vakker natur. Det er det også mange utanlandske gjestar som har sagt når dei har sete heime hos meg og sett utover bygda, fjorden og fjella.

pressefoto

Marie Nedregotten Sørbø

Del på