Ivar Aasen instituttet

  • Landsgymnasa i fokus på Ivar Aasen-tunet

    Publisert

    Som den første fulldekkjande framstillinga av dei tolv landsgymnasa som vart sett i gang for snart hundre år sidan, vert boka "Landsgymnaset" lansert på Ivar Aasen-tunet onsdag 31. oktober. Reidun Høydal, FoU-leiar ved Høgskulen i Volda, har skrive innleiinga.

  • Ivar Aasen-instituttet forskar mykje

    Publisert

    På Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ligg Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda på lista over topprangerte institutt i landet når det gjeld produksjon av forskingspoeng, melder FoU-kontoret ved Høgskulen i Volda.

  • Konferanse om rom for lesing og skriving på nynorsk

    Publisert

    Fredag 23. mars samlar kring hundre deltakarar seg på Høgskulen i Volda til konferansen "Rom for lesing og skriving på nynorsk". Konferansen vert skipa til av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), og kan skilte med namn som professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Per Olav Kaldestad og Maria Parr.

  • Ivar Aasen-instituttet markerer Kvinnedagen torsdag 8. mars

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet markerer Kvinnedagen torsdag 8. mars med eit arrangement kl. 12.00 - 13.00 i store auditorium Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. På programmet står mellom anna redaktør i Syn og Segn, Bente Riise, med innlegg for dagen.

  • Professor Sørbø om Kierkegaard og statskirkedebatten

    Publisert

    Kan man tale på vegne av folk flest i trosspørsmål? Hva skjer med eksistensielle spørsmål når de behandles i stortingsmeldinger og av byråkratiet – når trosliv blir politikk? Dette og beslektede temaer er gjenstand for et essay som Jan Inge Sørbø lanserer denne uken. Kirkekritikeren Søren Kierkegaard bringes frem fra glemselen og inn i dagens statskirkedebatt.

  • Møte mellom kulturar - ny mastergrad

    Publisert

    Kva får menneske til å bruke omgrep som ”oss” og ”dei” i møte med framande kulturar? Dette er ei av problemstillingane som blir gjort aktuell i det nye mastergradsstudiet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda.

  • Prøveførelesing ved mastergraden i nynorsk skriftkultur

    Publisert

    I samband med avsluttande eksamen ved mastergraden i nynorsk
    skriftkultur vert det halde ei opa prøveførelesing ved Hilde Kathrine Thomassen onsdag 10. januar kl. 13.00 på Ivar Aasen-huset rom 106. Temaet er: "Bygda si tyding i Tor Jonsson: Berg ved blått vatn (1946)".

  • Prøveførelesingar ved Mastergraden i nynorsk skriftkultur

    Publisert

    Onsdag 13. desember vert det halde tre opne prøveførelesingar ved Ivar Aasen-instituttet i tilknyting til avsluttande eksamen ved Mastergraden i nynorsk skriftkultur. Ei av dei tre er Ragnhild Bjørge (bilete) som har "Ideologiar i norskdomsrørsla i mellomkrigstida" som tema.

  • Professor Walton med bok om amerikaniseringa

    Publisert

    Professor Stephen Walton gir ut ”Den teksta versjonen.” Boka har den oppklarande undertittelen ”Amerikanisering og modernitetens intellektuelle.” – Kva inneber den sterke amerikaniseringa som Europa har vorte utsett for opp gjennom tidene, spør Walton.

  • Jostein Fet lanserer ”Eksetiana” i dag

    Publisert

    Litteratursosiologen Jostein Fet lanserer ”Eksetiana” på Høgskulen i Volda i dag kl. 12.00. I denne boka har Fet utarbeidd ein kronologisk ordna biografi over 728 bøker, småtrykk, tidsskrift, aviser, høvestrykk, almanakkar og himmelbrev som vart prenta på Aarflots prenteverk i perioden 1809-1935.