I helga er det FIS World Cup skiflyging og DKB kombinert FIS World Cup i Vikersund. Journalistikkstudentar er engasjerte til å vere reporterar, og studentar frå media, IKT og design lagar Web-TV for arrangøren, der publikum, arrangementet og sporten skal dekkjast. – Høgskulen i Volda er privilegert som får vere med på prosjekt som dette. Som studentar får vi leie og delta, og på den måten vise at vi er dyktige, motiverte og profesjonelle, seier Joachim Storvik, som er produksjonsleiar for Vikersund.