I veke 11 var 260 ungdomsskuleelevar frå Ørsta og Volda utplasserte på Høgskulen i Volda og dei vidaregåande skulane som ein del av faget "Utdanningsval". - Administrativt og fagleg tilsette ved høgskulen gjorde ein svært god innsats, og HVO vil frå neste skuleår ta imot grunnskuleelevar frå alle kommunane i den såkalla Sjustjerna, seier ansvarleg for karriereprosjektet ved HVO Torill Engeseth.