Studentar lagar TV under World Cup i Vikersund
Les også artikkel i Drammens Tidende
Praksis er ein viktig del av journalistikkstudiet og media, IKT og design. På kvar sine felt er studentar med som viktige bidrag til World Cup-arrangementet i helga. Joachim Storvik og Raymond Elveland er engasjerte som produksjonsleiarar for Vikersund-TV, Joachim for arrangøren og Raymond for Høgskulen i Volda. Også studentar frå bachelorgradsstudiet i informasjon og media er engasjerte under arrangementet, som ein del av den eksterne praksisen i utdanninga.
– Eg vart kontakta av pressesjef Geir Holen. Etter å ha vore fotograf i Vikersund i 2007, World Cup langrennssprint i Drammen, leiar for presseteamet i Stryn og dekt skiskytings-NM i 2008, meinte dei eg hadde erfaring nok. Eg er tilsett i Vikersund og er ikkje knytt til HVO i dette prosjektet, seier Joachim Storvik.
Pressesjef Geir Holen er tidlegare informasjon og media-student frå Høgskulen i Volda, og er no informasjonsansvarleg for Vikersund og World Cupen.
Joachim Storvik og Raymond Elveland er klare til innsats som produksjonsleiarar under World Cup (Foto: Joachim Storvik).
Journalistikkstudentar og medie, IKT og design-studentar samla og klare til innsats i Vikersund (Foto: Joachim Storvik).
Journalistikkstudent Håvard Karlsen i aksjon (Foto: Joachim Storvik).
Motiverte og profesjonelle studentar
Både Raymond og Joachim går siste året på bachelorgradsstudium i media, IKT og design. Dette semesteret tek dei emnet Produksjon og praksis i medie- og kulturformidling.
– Vi fekk mange prosjekt vi kunne søkje på. World Cup i skiflyging og kombinert var det prosjektet som lokka mest. Eg søkte og fikk det tildelt. Opplegget så langt har berre vore positivt. Teamet som eg har med frå høgskulen, har stått på og produsert åtte saker første dagen, og det etter ei søvnlaus natt med buss til Oslo. Eg har verkeleg trua på at vi skal lage gode saker frå Vikersund denne veka, fortel Raymond Elveland.
– Det blir ein del prøving og feiling før arrangementet tek til for alvor. Dagane fram mot fredag er ei opptakt til World Cup-sirkuset som kjem til helga. Høgskulen i Volda er privilegert som får vere med på prosjekt som dette. Som studentar får vi leie og delta, og på den måten vise at vi er dyktige, motiverte og profesjonelle, avsluttar produksjonsleiar Storvik og oppmodar alle om å følgje med på Vikersund.no frå i dag og til søndag.