Info til alle

  • Lille, frostige Eyolf

    Publisert

    Frost Media AS, med tidlegare Volda-studentar i spissen, har saman med Alta Realitat SL i Barcelona, produsert spelefilmen ´The Frost´ som no vert vist på kino rundt om i Noreg. Dette er den første internasjonale spelefilmen produsert i Møre og Romsdal på 22 år.

  • Storinnspeling i Volda

    Publisert

    Folka bak Max Manus er i Volda for å lage film. Filmen, som kjem på norske kinoar i 2010, har delar av handlinga lagt til studentmiljøet ved dokumentarfilmutdanninga.

  • Manuela Ramin-Osmundsen kjem til Internasjonal dag 30.09

    Publisert

    Høgskulen i Volda er glade for å ha fått Manuela Ramin-Osmundsen til å halde hovudinnlegget på Internasjonal dag 30.09, fortel leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. Ramin-Osmundsen er kanskje mest kjend for si korte periode som barne- og likestillingsminister i Stoltenberg-regjeringa.

  • Slår alarm om lærarutdanning

    Publisert

    – Organisering av ny lærarutdanning kan føre til masse-nedlegging av ungdomsskular på bygdene, seier rektor Jørgen Amdam i eit intervju med Sunnmørsposten.

  • Vil ha politiutdanning i Volda

    Publisert

    Regjeringa vil i løpet av hausten ta stilling til kvar ein ny politihøgskule skal ligge.
    - Høgskulen i Volda har kompetanse til å dekke dei fleste faga i den tre-årige politiutdanninga, seier rektor Jørgen Amdam. Rektoren vil gjerne delta i ein dialog med Justisdepartementet om etablering av ei politiutdanning i Volda.

  • Kunnskapsdepartementet med løyvingar til SEANSE og nybygg

    Publisert

    - Bjørn Jacobsen og eg skal få vere julenissar i dag, sjølv om det er sommarleg ute, sa Ingrid Opedal då dei to toppkandidatane for Møre og Romsdal SV fredag 21. august kunne overrekke 500000 kr frå Kunnskapsdepartementet (KD) til kunstproduksjonssenteret SEANSE ved Høgskulen i Volda (HVO). I tillegg løyver KD to millionar kroner til utrustning og inventar til det nye kontorbygget som skal stå ferdig på nyåret 2010.

  • Tilbyr kommunane arbeidskraft

    Publisert

    Høgskulen i Volda tilbyr kommunane arbeidskraft om mange blir råka av svineinfluensaen. - Vi har hatt kontakt med kommunen her i Volda, og også andre kommunar. Om nauda blir stor ved sjukeheimar, i skular, i barnehagar og i barneverninstitusjonar, skal vi så langt som råd hjelpe, seier rektor Jørgen Amdam til NRK Møre og Romsdal.

  • Festskrift til Jan Ove Ulstein og Per Magne Aadnanes

    Publisert

    I høve 65-årsjubilea til Jan Ove Ulstein og Per Magne Aadnanes har Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag laga festskriftet "Danning, identitet og dialog". Markeringa skjer onsdag, 13. mai, kl. 13.15 på personalromet i Hans Strøm-huset. Alle tilsette er velkomne.

  • X2-festival med folkefest og formidable utfordringer

    Publisert

    Det er en variert X2-festival som i dag starter med padlekonkurransen Xcreek i elven Rossåa i Ørsta. X2-leder Magnus Utsogn kan rapportere om gode snøforhold til Xfree og X2 tindebestigning på arenaene Bondalseidet og Saudehornet. Dermed er det duket for en helg med opplevelser noe utenom det vanlige for både publikum og deltakere.