Stort behov for overnatting

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Styret melder om at festivalen manglar over hundre overnattingsplassar. Festivalstyret slit med å få innlosjert filmregissørar, unge filmtalent og andre tilreisande. Festivalleiinga er fortvila og opprådde over at det i Volda berre er eit lite hotell, og sidan i fjor er alternativ som campingplass og festivalbåt forsvunne.

Festivalen har blitt større og meir populær for kvart år sidan oppstarten i 1997."Dokfilm" er den største og eldste av sitt slag i Noreg, og den trekk menneske frå både inn- og utland. Det er ein hyggeleg møteplass for profesjonelle filmskaparar, studentar, lokale og
andre filmentusiastar. Dokumentarfilmfestivalen bygger på eit idealistisk og ikkje-kommersielt prinsipp kor alle dei 200 frivillige jobbar utan å få ei krone betalt.

0c140a3d7d53c2351ba07a7bc69a6b17035acfcc
Styret for Dokfilm oppfordrar folk til å låne ut ei seng eller ein sofa under festivalen.

– I løpet av fem dagar vert det vist i overkant av 80 filmar, me skipar til konsertar,
fagseminar, folkefest i parken og eiga visning av barnedokumentarar for dei yngre. Med andre ord er festivalen ei stor kulturhending som famnar bredt. I fjor hadde me 1700 besøkande og me forventar endå fleire i år – om me då har overnattingsplassar å tilby. Mange er naturligvis busette i Volda og omegn, men me har også mykje folk som kjem langvegs ifrå. Den vesle sunnmørsbygda har etter kvart fått store problem med å innkvartera alle disse menneska. Det er trist for ein festival som så mange har kjær, som er eit av dei viktigaste arenaene for norsk og nordisk dokumentarfilm, og som set Volda og Sunnmøre på kartet, skriv styret.

Dokfilm treng overnattingsplassar i Voldaområdet, og oppmodar folk til å låne ut ei seng eller ein sofa til snille festivaldeltakarar.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonsansvarleg for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2009, Stine Hommedal, på tlf. 952 86 052 eller [email protected]

Les meir om festivalen på dokfilm.no

Del på