Høgskulen i Volda kåra til beste stand nok ein gong!
Utdanningsmessa i Trondheim Spektrum er den nest siste av dei nasjonale messene der Høgskulen i Volda er representert. 26.-28. februar er det Oslo Spektrum som står for tur, og ein venter fleire tusen besøkande også desse dagane.
– Vi skal gjere vårt for at interesserte får svar på spørsmål, og at studiemangfaldet på høgskulen vert synleg for fleire. Mange stoppar opp ved standen og er interesserte. Det er artig når vi får tilbakemelding frå tidlegare studentar på at det vi viser er ekte, seier Marthe Alnes ved informasjonskontoret.
Anne Birgit Aga har snakka med mange kommande studentar og håper å treffe igjen nokre av desse i Volda til hausten.
Stine stod for svelerøra under messedagane, noko som viste seg å vere ein suksess.
Ivrige elevar med på konkurranse om å vinne skutstyr: "Kor mange årsstudium er det ved HVO? List opp to bachelorgradsstudium innan mediefag. Kva heiter studenthuset i Volda?"
Friluftslivstudent Stine, informasjonskonsulent Marthe og informasjon og mediastudent Anne fekk mange positive tilbakemeldingar på det personlege konseptet og ser fram til å ta Oslo Spektrum med storm.