Norsk Selvhjelpsforum har saman med Høgskulen i Volda utvikla eit studium: Sjølvhjelp i brukermedvirkning. - Vi set fokus på hjelperolla og meiner at dersom hjelparane har innsikt og forståing for sjølvhjelpsideologi, vil det kunne opne for nye muligheiter i samhandlinga mellom brukar og hjelpar.
Brukarmedverknad må bli meir enn eit honnørord, seier faganvarleg Anne Sofie Egset. Den erfaringsbaserte kunnskapen, som handlar om å ta brukaren sitt perspektiv, vil føre til eit betre møte mellom hjelpar og brukar, seier ho.