Deltidsstudium om arbeid med rusproblematikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bruken av alkohol har auka sterkt dei siste åra, spesielt mellom ungdom. Det er liten grunn til å tru at problema
vert mindre i åra framover, for billege drikkevarer frå nabolanda og eit konstant press mot det norske avgiftsnivået vil truleg gjere alkohol lettare tilgjengeleg i framtida. Bruken av ulike narkotiske middel har også auka.
Hjelpetiltaka for folk med rusproblem er inne i ei omstillingsfase. Helsetilboda til denne gruppa vert styrka, og
ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Dette stiller dei som arbeider i rusomsorga overfor nye og store utfordringar.

Kurset er eit svar på denne utfordringa. Høgskulen i Volda har sidan 1998 årleg arrangert kurset «Rus- og avhengighetsproblematikk» (Rus I).
Om lag 200 studentar har gått gjennom desse kursa. Kurset er no sterkt omarbeidd og modernisert. Det er delt
inn i to emne, «Rus som kulturelt og sosialt fenomen» og «Tiltak mot rusproblem ». Kvart av emna vert avslutta
med ei heimeoppgåve og ein separat skuleeksamen.

Rus som kulturelt og sosialt fenomen [15 stp - haust]
Emnet skal utvikle studentane sine evner og kompetanse til å forstå rus, rusåtferd og rusproblem som
samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen. Tilnærmingsmåten vil bygge på eit samfunnsvitskapleg grunnlag.

Sentrale tema:
- Rusbruk i eit historisk perspektiv
- Alternative perspektiv på rus og avhengigheit
- Ungdom og rus
- Rus, kommunikasjon og oppdragelse
- Born i rusfamiliar
- Kvinners og menns bruk av rusmidlar
- Bruk av rusmidlar i eit helsepolitisk perspektiv
- Rus og sjølvmord


Tiltak mot rusproblem [15 stp -vår]
Emnet skal utvikle studentane si forståing av kva førebyggande arbeid er og kva det kan vere. Det skal gi
dei innsikt i kva slags føresetnader som må vere til stades dersom det førebyggande arbeidet skal kunne
fungere godt. Emnet skal også utvikle studentane sin kompetanse til å hjelpe personar med rus- og avhengigheitsproblem.

Sentrale tema:
- Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem
- Forståelsesmodellar - det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
- Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem og kva slags vurderingar som må ligge til grunn for val av metode
- Organisasjonsstrukturen på rusmiddelfeltet

Læringsformer:
- Førelesingar av personar med solid erfaring og teoretisk kunnskap om rus- og avhengigheitsproblematikk
- Gruppearbeid
- Heimeoppgåve
- Ekskursjon
- Sjølvstudium og oppgåveskriving mellom samlingane
- Rettleiing av erfarne lærarar

Pensum: 1000 - 1200 sider per emne, der mesteparten av litteraturen er på norsk, med nokre få artiklar på engelsk.

Nytteverdi
Studia gir deltakarane høve til å reflektere over og møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breidt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.

Emna har eit fagleg nivå som gjer at dei kan innpassast som mastergradsemne til mastergraden ved Høgskulen
i Volda og ved andre høgskular. Føresetnaden for opptak til studiet er derfor minimum relevant treårig
grunnutdanning, eller tilsvarande (180 studiepoeng).

Praktisk informasjon
Mellom samlingane vil kommunikasjonen mellom høgskulen, rettleiarane og studentane gå føre seg over Internett.
Kvart av emna går over eitt semester, og begge vil ha tre firedagars samlingar. Samlingane tek til måndag kl 11.00 og vert avslutta torsdag kl 16.00.
Alle samlingane til begge emna finn stad ved Høgskolen i Volda. Det vert samlingar i veke 35, 40 og 45 i haustsemesteret og 5, 10 og 15 i vårsemesteret.

Begge emna er gratis.

Søknadsfrist snarast

Opptak
Du kan søke om opptak ein av følgjande måtar:
- vidareutdanning i Rus, samfunnsproblem og førebygging, 30 stp
- mastergradsstudium, Helse- og sosialfag, 120 stp
- mastergradsstudium, Samfunnsplanlegging og leiing, 120 stp

Dersom du har planar om å ta ein av dei nemnde mastergradane, anbefaler vi at du søkjer opptak direkte til mastergraden. Dersom du skal ta mastergrad ved ein annan institusjon, søker du om opptak til vidareutdanninga og fårstudiet innpassa der du skal ta mastergraden
Opptaksgrunnlag er minimum 3-årig grunnutdanning innan helse- eller sosialfag. Andre etter individuell vurdering.

Du finn søknadsskjema på www.hivolda.no/sok

Fagansvarleg Hallgerd Conradi
Kontaktpersonar:
Hallgerd Conradi. T.: 70075081. E-post: [email protected]
Nils Magne Magerøy. T.: 70075163. E-post: [email protected]

Del på