ASF søkjer fredskorpsarbeidar til nytt Kenya-prosjekt
- Deltakaren skal ha sitt arbeid innan organisasjonen Mathare Youth Sports Association (MYSA) i Mathare slummen i Nairobi, Kenya, les ein ut av stillingsomtalen frå Avdeling for samfunnsfag.
- Arbeidsoppgåvene er mangfaldige og vil m.a. dreie seg om å ta del i innsamling av data kring situasjonen for målgruppa: barn og unge med ulike funksjonshindringar.
Samarbeidet mellom høgskulen og partnaren i Kenya: Mathare Youth Sports Association (MYSA), er utvikla gjennom prosjektet ”Playback” som vart initiert av musikkgruppa Merkesteinane i Volda og MYSA i Nairobi i 2005. Utvekslinga skal bygge på gjensidige relasonar og gjere det mogleg for menneskjer med liknande fagbakgrunn eller interesse å lære av kvarandre og skape kompetanseheving i verksemdene på begge sider.
Les meir i stillingsomtalen, og finn søknadsinformasjon