Selvhjelp i brukermedvirkning- nytt studium ved Høgskulen i Volda
Studiet, Selvhjelp i brukermedvirkning, vil dekkje deler av eit stort behov for kunnskap om praktisk brukarmedverknad og folkehelsearbeid.
- Dette er ein viktig milepel i Nasjonal plan for selvhjelp, (publikasjon IS-1212 fra Sosial- og helsedirektoratet), som mellom anna arbeider for å etablere organiserte strukturer for kunnskapstilførsel og kompetanseutvikling i selvhjelp, seier Egset.
Anne Sofie Egset er fagansvarleg for studiet Selvhjelp i brukermedvirkning
I Noreg jobbar nærare 300 000 menneske med helse- og sosialfaglig utdanning eller fagutdanning dagleg med å hjelpe mennseke med å oppnå betre helse og/eller sosial situasjon.
Dekan ved avdeling for samfunnsfag, Hallgerd Conradi, ser sjølvhjelpstudiet i ein noko vidare samanheng:
- Eg er glad vi har fått til dette studietilbodet etter initiativ frå Norsk selvhjelpsforum. Dei er viktige samarbeidspartar. Sosialarbeidarutdanningane har jo lenge vore medvitne på det potensialet som ligg i sjølvhjelpsideologien; det er eitt av dei viktige perspektiva i desse utdanningane. Men utdanningane skal ha inn mykje kunnskap, og det er elles andre yrkeshjelpere som treng å dele same kunnskapen. Nett difor er det
flott at ein no får høve til å reindyrke eit emne og gi sjølvhjelpsperspektivet fleire dimensjonar.
- Vil du seie at det er ei form for vidareutdanning?
- For dei som ønskjer å få meir innhald i teoretisk og praktisk sjølvhjelpsarbeid er dette ei form for vidareutdanning, t.d. for dei som har utdanning som helsesøster, barnevernspedagog, diakon eller sosionom. Men det er og mange innan forvaltningsarbeid som t.d. NAV som har annan kompetanse og som elles treng kunnskap om denne forma for hjelp, og det er også desse ein vil nå.
- Avdeling for samfunsfag har dei seinare åra vorten tydelegare på det potensialet som ligg i menneske sine eigne meistringsstrategiar og det potensialet som ligg i partnarskap mellom frivillige og offentlege aktørar.
Slik sett føyer Sjølvhjelpstudiet seg pent inn i tenkninga t.d. bak det nye mastergradsstudiet i meistring og myndiggjering som institutt for sosialfag driv, og studiet Privat - Offentleg som Institutt for planlegging og
administrasjon driv, avsluttar dekan Hallgerd Conradi
Det er framleis mulig å søkje om studieplass på Selvhjelp i
brukermedvirkning (30 studiepoeng) innan 1. august.