Historia til den svenske barneheimen i Spania
Saman med Alan Swan og Àngel Beneito har professor emeritus Jon Olav Myklebust skrive bok om om den svenske barneheimen i Dénia, mellom Alicante og Valencia, under den spanske borgarkrigen (1936 – 39).

Saman med Alan Swan og Àngel Beneito har professor emeritus Jon Olav Myklebust skrive bok om om den svenske barneheimen i Dénia, mellom Alicante og Valencia, under den spanske borgarkrigen (1936 – 39). Utgivarane er Ajuntament de Dénia og Institut D´estudis comarcals de la Marina Alta.
Historia om den skandinaviske solidariteten med den spanske republikken som kjempa mot Franco-opprørane, er framstilt på tre språk: Valensiansk, kastiljansk og engelsk. På det sistnemnde språket er tittelen Scandinavian Aid and the Swedish Children´s Home in Dénia.
Boka på nesten 350 sider er rikt illustrert med fotografi og teikningar laga av eit hundretals flykningebarn frå eit utbomba Madrid.