Stor interesse for desse mastergradene - utvidar med fleire studieplassar
På grunn av stor interesse, har Høgskulen i Volda opna opp igjen for søking på Master i barnevernsarbeid og Master i samfunnsplanlegging og leiing.

Administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud og høgskulelektorane Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson er svært glade for at Høgskulen i Volda kan tilby ei ny masterutdanning i barnevernsarbeid frå hausten 2023. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
På grunn av stor interesse, har Høgskulen i Volda opna igjen for søking på Master i barnevernsarbeid og Master i samfunnsplanlegging og leiing.
Frå 1. januar 2031 skal 80 prosent av alle tilsette i barnevernet ha masterutdanning. I vår jubla fagmiljøet ved Høgskulen i Volda for at dei frå hausten 2023 kan tilby Master i barnevernsarbeid (deltid).
Mastergraden skal gå over åtte semester (fire år), og gir 120 studiepoeng.
– Dette er ein tverrfagleg barnevernsmaster som er open for alle som jobbar med barn og unge. Det kan vere alt frå tilsette i barnevernet, til andre som har eller skal byrje på ei treårig relevant høgskuleutdanning, og som har ambisjonar om å oppfylle krav om mastergrad, sa høgskulelektorane Betina Haug Olson og Ellen Synnøve Aarseth ved Institutt for sosialfag i februar.
Innovasjon og fagutvikling, barnevernsjus og kritisk refleksjon skal vere stolpar i masteren.
Studiet har nokon frå ledige plassar hausten 2023, og er opna opp igjen for søking etter "først til mølla"-prinsippet.

Ein annan master som vert utvida med nokre studieplassar er Master i samfunnsplanlegging og leiing. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samarheng.
Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Også dette studiet er eit deltidsstudium som går over åtte semester (fire år) og gir 120 studiepoeng.
Både Master i barnevernsarbeid og Master i samfunnsplanlegging og leiing har løpande opptak til studia er fullteikna eller seinast til 1. august.
PS! Visste du at Høgskulen i Volda også har opna opp igjen Master in Media Practices for opptak, med søknadsfrist 15. juli? Vi er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tilbyr ein praktisk-teoretisk mediemaster, der studentar frå mange forskjellige medieprofesjonar møter kvarandre.