Om Høgskulen i Volda

  • Gjesteførelesar frå Málaga om 'al-Andalus' (NB: NY TID)

    Publisert

    Onsdag 21. januar er professor José Enrique López de Coca Castañer gjesteførelesar i fagemnet 'al-Andalus' under masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, melder Historisk institutt. Tema er dei siste mauriske samfunna i iberisk mellomalder og nasrid-kongedømet i Granada.

  • Nye internasjonale studentar i Volda

    Publisert

    Det har aldri vore så mange nye internasjonale studentar i Volda som nett dette vårsemesteret - nærare 40 stk. Dei kjem frå landa Latvia, Romania, Tsjekkia, Tyskland, Lithauen, Tyrkia, Finland, Spania, Nord-Irland, Østerrike, Frankrike og Bulgaria.

  • Høgskulen får nye nettsider

    Publisert

    – Neste veke legg vi ut dei nye nettsidene. Vevdesignar Eirik Gilje ved Informasjonskontoret har saman med ei eiga prosjektgruppe ved Høgskulen i Volda arbeidd med dei nye nettsidene i fleire månader. – Eit av hovudmåla har mellom anna vore å lage vevsider som er godt tilpassa nye besøkande, og det målet håpar eg at vi når, seier han. – Dei skal verte kjende med høgskulen på ein god måte.

  • 1,6 mill i ekstraløyving til HVO

    Publisert

    Regjeringa aukar basisløyvinga til Høgskulen i Volda med 1,6 millionar kroner. – Dette kjem godt med, sidan vi har ei underdekning på 5,5 millionar i forhold til budsjetterte løns- og pensjonskostnadar i 2009, melder økonomisjef Edel Vatne Roald ved høgskulen.

  • Statsbudsjettet 2009: Ny stipendiatstilling, men realnedgang i totalramma

    Publisert

    - Det nye statsbudsjettet gir ingen løft for Høgskulen i Volda, stort sett berre kompensasjon for lønns- og prisauke, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Budsjettauken vår er på 5,9 mill. kr. medan kompensasjonen for lønns- og prisauke er 9,3 mill kr, dvs ein realnedgang på totalramme på 3,4 mill. kr.

  • Oppstartundersøking blant nye studentar 2008

    Publisert

    - Det er viktig for Høgskulen i Volda (HVO) å nå fram med god informasjon til potensielle søkjarar, yte god sørvis til og ta imot nye studentar på ein god måte, seier Per Arne Brandal ved informasjonskontoret ved høgskulen. Brukarundresøkingar er difor viktig. I desse dagar får omlag 1000 nye heiltidsstudentar ved HVO tilsendt e-post med spørjeskjema der dei vert oppmoda om å svare på spørsmål om kvalitet på informasjon og sørvis gjennom heile søkjarvegen frå første kontakt til og med innføringsveka.

  • Høgskulen vil ha fleire menn til førskulelærarutdanninga

    Publisert

    - Det er for få menn i norske barnehagar. No vil Kunnskapsdepartementet starte team som skal rekruttere menn til førskulelærarutdanninga, melder nrk.no. Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. seier til nrk.no at Høgskulen i Volda har meldt si interesse til å drive eit av teama.

  • God hybelmarknad i Volda

    Publisert

    - Studentsamskipnaden tildeler no studentbustader fortløpande så lenge der er noko å tildele, melder Magnhild Kile i Studentsamskipnaden for Sunnmøre (Sfs). Vi har 400 hyblar i Volda, og saman med den private marknaden trur vi alle studentane i Volda får ein bustad dei er nøgde med.

  • Over 2000 personar har fått tilbod om studieplass i Volda

    Publisert

    - Vi nærmar oss ein rekord, kommenterer opptaksansvarleg Ragne Ørstavik Sørheim ved Høgskulen i Volda. 2143 personar har fått tilbod om studieplass gjennom det ordinære opptaket. I tillegg har vi 300 søkjarar gjennom restetorget til no. Desse får tilbod om plass etter fortløpande handsaming.

  • 10 % auke for Høgskulen i Volda

    Publisert

    - Høgskulen i Volda (HVO) har hatt ein fin søknadsauke gjennom samordna opptak, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Frå 2007 til 2008 har talet på førsteprioritetssøkjarar auka med om lag 10 %, frå 1151 søkjarar i 2007 til ca. 1270 i 2008. Spesielt gledeleg er det at vi har ein positiv framgang i søknaden til lærar- og førskulelærarutdanningane.