Om Høgskulen i Volda

  • Kunnskapsminister Øystein Djupedal til Volda

    Publisert

    Kunnskapsminister Øystein Djupedal skal møte faglege og administrative leiarar ved Høgskulen i Volda torsdag i denne veka. – Djupedal har ytra ønskje om å bli orientert om Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi vil også orientere statsråden om høgskulen sine strategiar, vår regionale rolle, planane våre for eit senter for kulturproduksjon i Volda og vår oppfølging av NOKUT si evaluering av lærarutdanninga, seier rektor Gunnar Stave.

  • Yrkesorientering og utdanningsmesser

    Publisert

    Høgskulen i Volda (HVO) og andre utdanningsinstitusjonar vil i løpet av januar og februar besøke ei rekkje vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å informere avgangselevane om studietilboda sine. HVO blir også som vanleg å finne på fleire utdanningsmesser her i regionen og i større byar i Sør-Noreg.

  • Rådgjevarsamling 19. desember i Molde

    Publisert

    Høgskulane i Volda, Ålesund og Molde inviterer med dette rådgjevarar i ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i fylket til rådgjevarsamling. Fokuset på årets samling er utviklingstrekk i regionen, i privat så vel som offentleg sektor og det dette vil ha å seie for kompetansebehovet.

  • Rektorvalet: Paneldebatt i BK-kantina

    Publisert

    Det vert debatt og høve til å stille spørsmål til dei to rektorata som stiller til val i BK-kantina torsdag 16. november mellom kl. 12.00 og 14.00. Paneldebatten vert leia av Arnfinn Kjelland frå AHF.

  • Aksjon Fortsatt Forskning i Volda

    Publisert

    15. november vil Studentenes Landsforbund gjennomføre aksjon Fortsatt Forskning ved Høgskulen i Volda. Aksjonen har som mål at studenter skal bli mer involvert i forskningen. Leder av Forskerforbundet, Kolbjørn Hagen, direktør av Norges forskningsråd, Arvid Halén og leiar av Universitets- og høgskolerådet, Gunnar Stave, vil også være tilstede under aksjonen.

  • Fem studentar nominerte til Høgskulestyret

    Publisert

    Fristen for nominasjon av studentrepresentantar til Høgskulestyret var forlenga til i går, mandag kl. 15.00. Etter oppteljinga var fem kandidatar nominerte: Silje O. Bye, Henning Frode Dispen, Kari Therese Eia, Anette Aune Hauge, Geir Holen.

  • Fire nominerte til rektorval

    Publisert

    Då fristen for koma med framlegg til kandidatar ved rektorvalet ved Høgskulen i Volda gjekk ut fredag 20.11 klokka 15.00, var fire personar nominerte: Jørgen Amdam, Ketil Jarl Halse, Sverre Liestøl og Morten Åsland. Sistnemnde er student, medan dei tre andre er tilsette ved Høgskulen i Volda.