Journalistutdanninga utdannar journalistar for aviser, fjernsyn, radio og nett.
Peder Ottesen og Anita Lien har valt å spesialisere seg i avis, og skal dei neste to månadene ha eksternpraksis i Aftenposten. – Høgskulen i Volda har eit godt rykte i mediebransjen med gode avtalar i ulike redaksjonar. Det er eit kvalitetsteikn å vere Volda-student og ein fordel for ein god praksisplass, seier Peder.