Nye internasjonale studentar i Volda
Brorparten er Erasmus studentar, men det kjem stadig fleire på såkalla EEA-grants som gjeld landa Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Bulgaria, Romania, Hellas, Portugal og Spania. I åra framover trur eg vi vil sjå ei merkbar auking i studentar frå desse landa, melder internasjonalt kontor.
Stadig fleire av våre europeiske studentar ønsker å halde fram med studiane i Volda, noko som vi tek som eit teikn på at dei trivst så vel fagleg som sosialt. Fleire av dei nye studentane er allereie i gang med forelesingar og det er ein gjeng entusiastiske og positive studentar.
Dei håper å bli kjend med norske studentar og lokalbefolkninga i Volda, og vi håpar at fleire vil nytte høvet til å helse på dei nye medstudentane, anten på den internasjonale treffstaden Pangaia eller på internasjonal klubb på Rokken.