Vidareutdanninga ”Miljøterapi i demensomsorga” er suksess

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ho fortel at studiet kjem til å bli tilbode også til komande haust så sant det melder seg nok søkjarar.

- Vi har fått berre positive tilbakemeldingar frå studentane, så no håper eg fleire er interesserte, seier Egset.

Studiet legg vekt på kva miljøet kan gjere for den demente, mellom anna ved å skape betre tilbod innan miljøterapi.

- Det går ut på å prøve å gje dei demente ein meir meiningsfylt kvardag gjennom aktivitetar som song, musikk, trim eller berre det å kunne få kome seg ut ein tur. Kort sagt å gje dei gode opplevingar, forklarar Egset.

Etterlengta tilbod

Sunnmørsposten kunne onsdag melde om tilbakemeldingar frå studentane om at utdanninga er svært relevant for jobben dei gjer dagleg, og at dei sett pris på det faglege påfyllet.

- Ei slik utdanning har eg sakna lenge, uttala sjukepleiar Åse Marie Heggen til Sunnmørsposten.

Heggen har arbeidt i eldreomsorga i tjue år og er blant studentane i det første kullet som tek deltidsutdanninga. Ho fortel at ho set pris på studietilbodet, og at det er flott å få teoretisk støtte til arbeidet ho gjer i det daglege.

Vidareutdanning på deltid

Studiet på 15 studiepoeng er organisert som ei deltidsutdanning over to semester og har kome i stand etter eit initiativ frå dei sju nettverkskommunane på Søre Sunnmøre. Undervisninga er samlingsbasert.

Emneansvarleg Anne-Sofie Egset fortel at ein kan søkje om stønad til studieavgifta hos Møre og Romsdal fylkeskommune. I fjor fekk alle dei 23 studentane innvilga søknadene.

Studiet er i første rekkje mynta på personale som arbeider i demensomsorga. Men alle med generell studiekompetanse eller realkompetanse kan søkje om opptak på emnet.

I studiekatalogen til høgskulen kan du lese meir om studiet "Miljøterapi i demensomsorga".

Du kan også kontakte emneansvarlig Anne-Sofie Egset, på telefon 70 07 50 13 eller e-post: [email protected].

Søknadsfristen er  15. april.

Del på