Film i det fri

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den norske dokumentarfilmfestivalen går i år nye vegar med kino i det fri. Det blir visning av den klassiske dokumentarfilmen "Battu's Bioscope" frå 1998 ved Volda Bygdetun.

346343a38077729cb0278a1c72f5de51edbf6ccb

Eksotisk stemning
Dokumentarfilmen handlar om Mr. Battu som reiser rundt på den indiske landsbygda med sin mobile kino og syner Bollywood-filmar.

For å få publikum i eksotisk stemning blir det sal av indiskinspirert mat og velduftande røykelse.

– Vi satsar på fint vér, og dokfilmfestivalen har tradisjon for det, så dette skal gå bra, smilar leiaren for festivalen Susann Østigaard.

Takk for god hjelp
Visninga er gratis, og Østigaard håper mange kjem. 
– Kle dykk godt og møt opp! Dette blir ei oppleving.

– Vi håper spesielt at mange i lokalbefolkninga kjem, dette er på ein måte vår takk til dei for all god hjelp, fortel leiaren.



Del på