I eit fullstappa lokale på utestaden Mono i Oslo presenterte masterstudent Jørgen Lyngvær onsdag 22. mai radiodokumentaren sin "En nyanse av Brun" om den internasjonalt kjende artisten Ane Brun. Etterpå spelte Ane Brun og skapte stor stemning. – Det var både litt sært og veldig kjekt, fortel Jørgen Lyngvær.
Ein inspirerande, ærleg og personleg næringslivskonferanse om menneske og verksemder i regionen som har valt å gå sine eigne vegar. 29. mai i Store auditorium i Berte Kanutte-bygget på Høgskulen i Volda. Konferansen er gratis for studentar.
Onsdag 22.mai var det informasjonsmøte om dei åtte utlyste PhD-stipendiata ved høgskulen. Ein av dei frammøtte var Ellen Strøm Synnevåg, som ser eit PhD-stipendiat som ei mogelegheit for å kanskje flytte attende til Volda.
Ny formålsparagraf for barnehage har aktualisert omgrepet danning. Kunnskapsnett Romsdal v/kompetansegruppe barnehage sette i juni 2012 i verk eit prosjekt der ein jobbar prosessuelt og haldningsmessig med danning som tema.
I førre veke var dei på tur til Afrika med fly, pass og billett. I dag er dei afrikanske dyr. For første gang har studentar tatt over Hjellbakkane barnehage.
Den seksuelle frigjeringa, kvinnekampen, sosialismen, den ekte kjærleiken og den gode vennskapen. Dette er nokre av stikkorda teaterframsyninga "1975" utforskar.
Stryn er ikkje attraktivt nok for ungdom per i dag, og mange ønskjer seg til urbane miljø etter endt studie. Det er blant resultata Ida Haug Theodorsen og medstudentane fekk i lokalsamfunnsanalysa i Stryn og Hornindal.
Professor i pedagogisk teori og politikk ved Universitetet i Luxembourg Gert Biesta og folkemusiker Unni Løvlid er blant foredragsholderne på seminaret 18.-21.juni.
19,3% fleire søkarar enn i fjor har vald Barnevernspedagog-utdanning ved HVO som førsteprioritet, og 10,2 % fleire har vald Sosionom-utdanninga. Nasjonalt er auka berre på om lag 1%.