Sosialfagstudentar vil til Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

365729bf0c0488c3693f4d0960b46cbce23e041fSosialfag nytta i år nokre av dei tidlegare studenttillitsvalde til å gjere studia og studiestaden kjend, både gjennom annonser og nettprat. ─ Vi er godt nøgde med innsatsen dei gjorde. Det er desse som gjennom tre år har lært studia og studiemiljøet å kjenne, og dei er gode brubyggjarar mellom oss og potensielle søkjarar. Dette kjem vi også til å gjere eit anna år, seier instituttleiar ved Institutt for sosialfag Hallgerd HoltConradi.

GODT NØGD

Eg er kjempefornøgd. Vi har god framgang og langt fleire søkarar enn vi har plassar, seier instituttleiar ved Institutt for sosialfag Hallgerd Holt Conradi. 

Barnevernspedagog-utdanninga har hatt ei auke i søkartala på heile 41,7 % dei siste to åra, medan sosionom-utdanninga har hatt ei auke på 6,9 % i same perioden.

─ Det er tydeleg at studentane gjer eit aktivt val ved å kome til ein liten stad som Volda. Her er det ei større grad av nærleik mellom lærarar og studentane. Dette gler oss, og er med på å nyansere myten om at ungdom berre søkjer seg til dei store byane, seier Conradi.

STERKT FAGMILJØ

HVO har eit sterkt fagleg miljø innanfor sosialfag, noko som viser seg i studietilbodet.  

─ Sosialfag er eit stabilt og godt fagmiljø, og blant dei som har tyngst fagleg kompetanse blant sosialarbeidarutdanningane i landet.  Studentane har mogelegheit til å bygge på med ei mastergrad i Helse- og sosialfag – Meistring og myndiggjering, med spesialisering i rus eller barnevern, seier Conradi.  

AUKE PÅ LANDSBASIS

Det er ein generell auke i søkarar til sosialfag på landsbasis.

─ Når fleire vel å studere sosialfag er det tydeleg at søkarane har eit engasjement for studia og ser på dei som viktige. Dei ser at dei kan gjere ein forskjell blant sårbare barn og menneske i livsvanskar, seier Conradi.

Del på